Skulejente

I dag møtte eg det eldste barnebarnet igjen for første gong på over tre veker. Eg trur aldri me har vore så lenge borte for kvarandre før, så det vart eit varmt gjensyn. Minstejenta ser eg ikkje før i morgon, for ho hadde begynt på stor avdeling i barnehagen.
Iben hadde vore hos frisør og hatt saks i det lange håret for første gongen i sitt liv. Tennene ho har mista nede i munnen har kome opp igjen. Ho hadde strekt seg, og eg syntest at nå såg ho ut som ei lita skulejente.
Det er akkurat det ho er og. I morgon begynner ho på SFO, og om eit par veker på skulen på «heilt skikkeleg». Heldigvis skal ho gå i lag med fleire av vennene frå barnehagen, og ho gleder seg til å ta på seg den nye ranselen og begynna på skulen. Mormor synest det er litt vemodig, og kryssar fingrane for at dette skal gå veldig bra for henne og alle dei andre som kjem dit med skrekkblanda fryd, sommarfuglar i magen og høge forventningar. Heldigvis gleder dei aller fleste barn seg til å begynna på skulen
Eg har skrive eit dikt til henne og dei andre som snart skal begynna på skulen. Eg er veldig glad i Kolbein Falkeid sitt dikt «God tur, skolepike», og håpar eg har klart å skriva noko som ikkje er eit dårleg plagiat av hans dikt. I dag byr eg på denne teksten.
Skulejente
Så er du klar vesle skulejente,
med tannfellingsssmilet ditt stolt og engseleg,
i det runde barneansiktet
med dei strålande forventningsfulle auga
Håret ditt fløymande
som ein mogen sommar,
nedover akslene og ryggen din,
nedover den nye rosa skulesekkjen
du sjølv har plukka ut.
Sommarkjolen lett dansande
over seksåringen si tynne hud,
over solbrune barnekne,
over føtene i sandalane,
modige på veg mot ti år på skulen.
Måtte dei sjå deg alle dei,
som står der og ventar
med bokstavar, tal,
gode intensjonar
songar og historiar.
Måtte dei vera der og møta deg
og alle dei andre som kjem,
med sekk på ryggen
full av leik og store kjensler,
barnleg overmot,
draumar og rastlause tankar.
Måtte dei og alle me andre
stå klare med vaksne armar,
gode grenser, kjærleik og tålmod,
slik at du og dei andre kan veksa
og bli sterke, varme og modige.
Måtte me gje deg styrke nok
til at du alltid trygt kan bera vidare
tyngden av den du er,
måtte vinden alltid stryka deg vennleg over håret,
og dytta deg leikent i ryggen.
Heidi