Gå til innhald

August

august 3, 2023

Me har gått over grensa til august månad. Me har hatt fint, svalt sommarver, desse dagane.

I går føremiddag var eg i begravelse i Klepp kyrkje for å ta eit siste farvel med mor si venninne Kari, som eg har kjend sidan eg vart fødd. Eg har ikkje sett henne mykje dei siste åra, men ho var der ofte i barndomen min. Det var ein fin seremoni i kyrkja med fine ord frå dottera Siri, og frå eit av barnebarna, fin tale frå presten og fin musikk og solosong. Det var så fine blomar, det ville Kari ha likt, ho var så glad i blomar, og laga dekorasjonane til bryllaupet mitt, ein gong for lenge sidan. Av og til blir me minna om kor fort eit liv går.

Desse dagane har og vore dagar for gilde besøk. Eg har fått tid med ungane mine og barnebarna, me hatt besøk av Sigrun, som me ikkje har sett på veldig lenge, og nå har me koseleg besøk av Ingjerd og Frode som bur i Homborsund. I går kveld hadde me ein nydeleg tur langs Orrestranda. Me hadde ikkje med badetøy, så me måtte nøya oss med vassing, men vatnet var varmare enn eg hadde trudd, så eg trur nesten eg hadde klart å koma meg uti til eit kveldsbad om det hadde vore aktuelt. Me såg mange som bada, og då me gjekk til bilen møtte me familiar som skulle ned og bada i kveldssola.

Som eg har vore inne på før, så byr livet som togentusiast på overraskingar. I morgon tidleg skulle eg fraktast frå Bryne stasjon til Drammen der eg skulle møta venninner eg skal på tur i lag med. For ein times tid sidan fekk eg vita at toget, som i frå før var delvis buss for tog, var kansellert. Då blir løysinga truleg nattog, med ein del av distansen på buss for tog. Som eg har sagt før: Ein ekte togentusiast må ofte bruka Askeladd-metoden. Det vil seia å tenkja: «Det hadde eg ikkje venta meg, så dette blir sikkert interessant…»

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget