Gå til innhald

Hans

august 9, 2023

Det var lettare sjokkerte eg og Torun sat på kjøkkenet sundag kveld og las vermeldinga og ekstremvervarsla for dei komande dagane. Kunne dette vera tilfelle? Vermeldingane var nesten apokalyptiske, og ute var det fin sommarkveld. To av dei lange togstrekningane i landet var allereie stengde for to døgn framover, og det var ikkje sett inn alternativ transport. Røyse låg i det raude området for uveret. Ville eg koma meg heim?

Når det gjaldt det siste var eg i ein luksus-situasjon. Eg var velkomen til å bu på Røyse, Sunniva ønska velkomen om eg stranda i Oslo, og Eva Mari hadde òg heilt sikkert forbarma seg over ein vannfast klimaflyktning. På jobb var eg ikkje etterspurd før på fredagen.

Torun kjørde meg til bussen etter at me hadde sjekka fleire gonger at han ikkje var innstild. I fylgje vermeldingane skulle han få meg til Oslo før det braka laus for fullt, og turen dit gjekk då og heilt problemfritt.

I Oslo hadde eg avtale om lunsj i byen med Sunniva og Eva Mari, den flytta me til Tøyen torg, for då kunne me alle nesten sleppa å ta oss fram ute med og utan barnevogn. Då eg kom ut av T-banen stod folk i tunnellen ut til Tøyen-torget og kvidde seg for å springa ut i styrtregnet. Eg sprang inn i bakeriet det me hadde avtalt å møtast, der var det heldigvis ledige bord. Etter ei stund dukka Eva Mari opp innhylla i regnkåpe med hette, og like etter kom Sunniva, Trygve og Tage og. Me vart sitjande i meir enn to timar, stemninga var god og personalet på bakeriet var venlege og tålmodige.

Eg var veldig glad for å sjå at toget mitt gjekk. Det var forsinka frå Stavanger og det var hektisk aktivitet med å få snudd seter for å få oss i veg vestover nokonlunde på tida. Ein roleg og vennleg konduktør forsikra oss om at han ville få oss gjennom det berørte området og trygt heim. Ei togvertinne kom med ei stor korg med twist og delte ut sjokolade til alle på toget. Slikt har eg aldri opplevd før, så eg lurte på korleis eg skulle tolka det.

På første del av turen hadde me fleire stopp for å venta på signal til å få kjøra vidare. Utanfor Drammen stod me ubehageleg lenge på ei jernbanebru før me fekk kjøra vidare. Biletet over er tatt ut av vindauget.

Alarmen frå folk sine mobilar var òg litt ubehagelege påminningar om situasjonen. Etterpå forstod eg at ein del av passasjerane fekk den faremeldinga som vart send ut. Frå konduktøren sin mobil høyrde eg beskjed om at folk måtte vurdera om reisene dei hadde tenkt å ta var nødvendige.

Etterkvart roa regnet seg utanfor togvindauget, og togturen gjekk over til å bli ein normal togtur. Då eg kom heim til Bryne regna det nesten ikkje, men vindkasta var sterke. Eg var veldig takknemleg for å vera vel heime.

Nå ser eg på fjernsynet om ekstremversituasjonen rundt i Norge. Dette er gale, men det virkar som om veldig mange jobbar godt for å hjelpa dei berørte. Framleis er det fare for flom, øydeleggjingar og jordskred fleire stadar.

Ikkje alle trur at dette har med menneskeskapte klimaendringar å gjera. Ingenting ville gleda meg meir enn at klimafornektarane har rett. Eg har ingen behov for å ha rett når det gjeld frykta for klimaet og jorda vår sitt velvere. Eg håpar at hendingar som dette gir oss eit dytt i retning nødbremsen. Under koronaepidimien viste det seg at det er mogleg å gjera ganske store endringar når mange nok ser at det er nødvendig. Eg er framleis optimist med tanke på at mykje framleis kan endrast og reparerast om viljen til det blir stor nok.

I kveld sender eg varme tankar til dei som er brutalt berørt av uvêret Hans. Eg håpar at dei som er evakuerte kan reisa heim til hus som framleis står det dei skal i løpet av veka.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget