Inn for landing

For å vera sikker på at eg hugsar å få sagt det: Det er sommar lenge endå, i alle fall ut august. Likevel er eit par av milepælane for at sommaren har kryssa mogningshøgda passerte i denne veka.
I går plukka me rips, og min flinke mann står på kjøkkenet og kokar saft. Det luktar godt i heile huset. I dag hadde eg den første planleggingsdagen på jobb, så nå er ferien, eventuelt avspaseringsvekene over for i år.
Me hadde ein mjuk start på arbeidsåret med ein lang pause ute med utandørs lunsj og frisbeegolf. Det siste hadde eg aldri prøvd meg på før, eg var veldig klar over at eg ikkje akkurat ville bli stjerna på laget, men det var faktisk ganske kjekt, spesielt det å gå roleg saman med dei andre på trinnet og prata mellom kasta. Etterpå sette me oss ved eit av borda på grillplassen og åt matpakkanne våre. Alt i alt var det ein roleg og vennleg start på alt som koma skal. Me fekk sett på timeplanar og på fokusområde, og så hadde me plutseleg helg og ikkje ferie, og det kjennest faktisk heilt ok å vera i gang igjen.
I neste veke har me tre planleggingsdagar til før elevane kjem. Det kjennest fornuftig. Det å etablera eit nytt skuleår er som å skapa eit nytt lite samfunn med nye rom, ny timeplan, nye vaksne og nye rutinar. Det å få ein god start er kjempeviktig for det komande året.
Den eldste mormorjenta er klar for skulestart komande veke. Ho har alt begynt på SFO og kom stolt på besøk med eit museum laga i to pappøskjer tilpassa innbyggjarane i Duplobyen vår som ho hadde laga der. «Dæ æ kjempejillt på SFO, mormor, dei har øskjer og all slags ting me he lyst te å laga. Dei vaksne bara hjelpe viss me trenge å bruga limpistol.» Slikt er musikk i mine øyre, eg er så takknemleg for det gode førstemøtet ho har fått med skulesystemet
Det beste av alt er at me har så kjekt besøk for tida. Sunniva og Tage kom på onsdag og blir her ei veke. Den vesle framleis nokså nyfødde vennen er robust og blid, men har ikkje brukt dei første fire månadane av livet sitt på unødig soving om nettene og slik. Me vil gjerne at mor hans skal få sove og kvilt litt, så me friskar opp gamle kunstar på det feltet å starta dagen klokka fem om morgonen. Det gjorde me annankvar morgon i ei årrekkje, så me burde beherska kunsten endå.
Så heldige me er som har fått fylgja det yngste barnebarnet så tett sjølv om han bur langt vekke. Me har vore mykje i Oslo, og han har vore på besøk i tre omgangar her på Bryne. Slikt lett seg gjera i sommarhalvåret.
Heidi