Bakhaldsangrep av korona

Det er nesten litt komisk av at heile huset heilt ut av det blå plutseleg var koronapasientar.
Komisk, med tanke på alle dei kreftene eg har brukt dei siste åra på å tenkja på korona, forebyggja smitte, vera redd for å bli smitta og endå meir redd for å smitta andre. Akkurat då me nesten hadde gløymt alt me visste om handsprit, munnbind og hurtigtestar blei me heilt uventa ramma av eit massivt angrep.
Sunniva, som var heime på seinsommarbesøk, vart plutseleg veldig snufsete og dårleg på fredagskvelden, me lurte på om det var allergi eller ei kraftig forkjøling. Dagen etter vakna ho med feber og influensasymptom. Heldigvis var me fleire som kunne byssa, bera, kyssa og trøysta babyen. Det var godt med mange hender så Sunniva kunne slappa av litt.
Lille Tage vart meir og meir sutrete, og plutseleg hadde han og høg feber . Me bar på skift og drakk ingefæravkok med lime og honning, for me var litt såre i halsen me andre og. Måndag morgon fann Sunniva nokre gjenliggjande koronatestar i badeskapet og tenkte at ho kunne då alltids ta ein test sidan dei først lå der. Testen slo straks ut på smitte. Eg drog på jobb med halstablettar, ibux og ein koronatest i veska, og sa til folk på jobb at det kanskje var lurt å halda avstand. Då eg kom heim var hodeverken og halsen så pass merkbare at eg tenkte at eg kanskje fekk ta ein test eg og. Begge strekene var raude i det sekundet væska steig opp i testen. Leif testa framleis negativt, men etter ei natt med hosting og influensafølelse slo det ut på han og.
Det heile vart litt surrealistisk. Alle restriksjonar er jo oppheva, men ein skal halda seg heime med feber og klare symptom. Det kjennest litt verre å gå halvsjuk på butikken eller på jobb når ein veit ein har korona enn når ein faktisk aldri har oppdaga det. Kunne framleis ein av oss gå til butikken og kjøpa det me trong av mat, eller måtte me finna gode hjelparar? Ein får forresten ei sterk kjensle av å vera deltakande og aktiv bestemor når ein går rundt klokka fem om morgonen med feber i kroppen medan ein rpøver å byssa ein illskrikande baby med 39 i feber i håp om at den sjuke mora skal få seg eit par timars samanhengande søvn.
Heldigvis responderte gullungen veldig godt på febernedsetjande stikkpiller, og Sunniva fekk gode råd både frå helsesyster og lege. Det er ikkje så kjekt første gongen den førstefødde får høg feber, men dei kunne forsikra oss om at slik det er nå er det veldig sjeldan at koronasjuke babyar blir alvorleg sjuke.
Min snille svigerson stilde med nysteikte lappar som han leverte på døra i lag med to små jenter som hadde planleggingsdag. Me fekk ein samtale med dei der dei stod nede ved bilen og me oppe i høgda på terrassen. Ingen vil ha korona før skulestart.
Heldigvis vart ingen av oss veldig sjuke, eg fekk gjort det meste av førebuingar til skulestart heimefrå, og midt på dagen onsdag var eg så pass frisk at eg sykla til skulen for å gjera alt klar som burde vera klart før elevane kom. Snille kolleger hadde alt ordna ein del for meg, så det meste var i orden.
Dei to feriegjestene vart friske nok til å kunna reisa heim som bestemd på onsdag, og dei kom seg vel tilbake. Mormor synest det er tomt i huset utan dei, men er djupt takknemleg for at me har fått sett vesle Tage veldig mykje fram til nå. Me har vore mykje i Oslo, og dei har vore her i tre omgangar. Nå får me trøysta oss med facetime og sånn, for nå møtest me truleg ikkje før i oktober.
Eg kryssa fingrar og tær for å vera frisk nok til å ta i mot elevane på torsdag, og det gjekk fint sjølv om eg var litt ør både i toppen og resten av kroppen. Ei helg nå, så er nok alt heilt i normalen.
Det var faktisk rørande å koma på jobb og sjå spente elevar stå i skulegarden. Det er og rørande å plutseleg ha ein stor gjeng glade tiåringar som kjem springande for å få ein klem. Eg sa at me får klemma forsiktig i dag og heller spara dei varmaste klemmane til måndag. Rektor Tore gjorde velkomsttale og avsynging av Bryne skule- songen til reine showet, og det vart delt ut 17.-mai- flagg som lærarane kunne vifta med medan me song. Gutar og jenter på trinnet var plutseleg i spontan ringdans mens dei yngste elevane marsjerte til klasseroma sine til rytmisk musikk. Eg rakk å tenkja at eg faktisk har den finaste jobben i verda.
Det er framleis mykje som skal ordnast før det nye skuleåret er heilt oppe og går av seg sjølv, men så lenge ein har liv og helse ordnar det meste seg.
Heidi