Gå til innhald

Ein stor dag

august 18, 2023

Himlen høg og verda stor,
der på trappa vinkar mor,
første skuledagen min,
ikkje rart at sola skin.
Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg,
kjolen den er himmelblå,
med ei raude marihøne på.

Eg hugsar godt min eigen første skuledag. Eg hugsar til og med kriblinga i magen. Den dagen song Ingebrikt Davik songen over i radioen for alle som hadde begynt på skulen. «Du må koma inn i ståvå, Heidi, nå synge di te dæg!» ropte mor. Eg kom inn i stova og det var så høgtideleg at eg fekk kalde ilingar nedover ryggraden. Eg hadde høyrt songen før, men denne gongen var det meg det gjaldt.

I går var turen komen til Iben. Det var ei spent jente med rosa ransel på ryggen som fekk gå ned den raude løparen på Tu skule for å helsa på læraren sin og stilla seg i rekkje med andre gutar og jenter med ransel og spente blikk.

Det er visst slik eg gruar litt.
Hoppar ikkje hjartet mitt?
I skulestova vil eg lell,
pytt eg tek det heile som det fell.
Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg.
No kan heile verda sjå,
berre eg har marihøne på.

Eg blir framleis litt sentimental og varm i auga bare eg les desse linjene. Eg synest at Ingebrikt D har skildra førsteklassingen så fint, dette sjølv om førsteklassingane var sju år på den tida og det må ha vore minst 60 år sidan mor kunne stå på trappa og venta når førsteklassingen la i veg til sin første skulestart.

Førsteklassejenta vår ville gjerne feira skulestart med mormor og morfar, så ho fekk mamma med på å invitera på kaffi, og på å laga ei kake ho sjølv kunne pynta fint for å feira dagen. Det var ei veldig stor og stolt jente som tok i mot oss og prata som ein foss.

Saman med den nye ranselen hadde ho fått ei fin bok med hengelås som ho kunne skriva ned hemmelege ting i. Her hadde ho begynt å skriva eit eventyr sjølv «DEVARENDAD». .. Men det tok så forferdeleg lang tid å skriva sjølv, hadde ho oppdaga, så ho lurte på om eg kunne skriva for henne i den nye boka med lås. «Æg har de inni håve, mommor, kan du skriva for mæg?»

Så dikterte ho eventyret om jenta som vakna midt på natta og såg at mamma sov, så gjekk ho ut i gata og fann ein slik sparkesykkel som folk kunne låna, og så la ho i veg aleine. Mamma vakna rett før ho kom heim. «Kor har du vore?» spurde mamma. «Bare ute på eit eventyr», sa jenta og kokte kakao til mor si, for nå hadde morgonen kome.

Og slik er det. Nå er det tida for eventyr på eiga hand, sjølv om me er mange vaksne som gjerne vil ha ein viss kontroll lenge endå.

«Me kan laga ein forestilling om det mormor?» Mens eg las eventyret var ho i rolle og viste kva jenta gjorde. Ho måtte ha på pyjamas, for dette skjedde jo om natta. Sidan ei ivrig lillesyster ville vera med, fekk jenta i historien ei lillesyster ho og, så ordna det seg med at ein liten tilskodar som ikkje klarte halda seg unna scenen fekk vera med i stykket.

Det spontandikta songar slik at eventyret vart nesten ein musikal, og etterpå vart det laga ein ny musikal om ei jente som var redd for monster i mørke skogar sjølv om storebroren hadde sagt at monster ikkje fantest.

«Du føler på deg at monster finst,
men du skal ikke være redd, du skal ikke være redd.
Du skal ikke være redd for monster,
og for død.
Du skal ikke være redd for monster,
og for krig.
Du skal tenke på lyset og gå i skogen.
Du skal gå i skogen og tenke på lysets land, og ikke være redd.»

Det er så fascinerande å sjå korleis barn heilt spontant og intuitivt går i rolle, og korleis dei lagar historier, songar og melodiar. Som lærar og som mormor lurer eg på korleis me best mogleg kan ta vare på denne ibuande kreativitetskjelda dei har i seg.

Og kanskje me vaksne og burde leika mykje meir.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget