Gå til innhald

Seinsommar – med passande dikt

september 8, 2023

Det er nydeleg seinsommar på Bryne, nesten finare sommarver enn det har vore i heile sommar sjølv om me skriv 8.september. Etter nokre veldig travle oppstartsveker i skulen, har eg nå ein følelse av å ha hovudet over vatnet, så vidt det er, og å kunna pusta litt roleg mellom slaga.

Det er på tide å få ferdigstild diktsamlinga eg har jobba med å redigera i sommar. Datamaskinen min har vald å ikkje vera heilt samarbeidsvillig. Han nekter å skriva ut, nektar meg tilgang til å kopiera enkelte filer, og gjer det i det heile tatt litt kronglete for meg. Eg håpar å finna ut av det i løpet av dagen. Heldigvis er pilegrimen eg deler hus med heime akkurat nå, så eg håpar han kan hjelpa meg å finna ut av det før han vandrar vidare.

I diktsamlingane mine er det typar av dikt som går igjen. Dikt om naturen, dikt om å vera mor, dikt om døden, Gud og livet og diverse andre tema eg stadig kjem tilbake til. Eg må innrømma at ein ny type dikt har snike seg inn mellom dei andre denne gongen. Dei er dikt om å kjenna seg på terskelen til ein ny livsfase, og dikt om å innsjå kor fort livet går. Sidan dette verkeleg er ein dag for å nyta seinsommaren, så tenkte eg at eg kunne by på nokre tekstar. Eg gjer det alltid med litt skjelvande mot når det nærmar seg utgjeving, for då er det på ein måte blitt alvor i leiken…

***

Før me har visst ordet av det
står me her
og ser framover
med finrynka ansikt,
grånande hår
og nesten utslitne sko.
Nokså takknemlege,
men framleis
uforskamma svoltne på livet.

***

Tenk at tida tar sjansen på det.
Tenk å forvandla oss til gamle damer
av aller finaste sort.

Med spennande rynker i pannen
og raust med hud under haka.
Skrid me fram på livsens catwalk,
dei meste elegante av oss på høge hælar,
me andre på fargerike sko.

Me kjem her i lange rekkjer,
det er plutseleg blitt så mange av oss.
Kven er dette?
undrar du,
undrar dei forsiktige sommarfuglane
og dei høglytte kråkene.

Dette er venninnene mine
svarar eg med mjuk honningstemme.

Dei er alle unge,
i alle fall var dei det i går.

Kanskje dette er eit slags karneval,
det er noko som ikkje stemmer,
smiler du med dine finaste
og mest innsmigrande smilerynker.


Det ordnar det seg nok.


***

Det forundrar meg å sjå på kalendaren
eller å kasta eit blikk på klokka.

Eg prøver ofte å fortrenga at det er mi tid
som tikkar vidare
medan eg, skamlaust grådige menneske
står her med opne hender
og alltid vil ha meir.

For framleis er kveldane lyse
og livstrongen endelaust stor.

Det kan vel ikkje stemma
at eg i beste fall er hjelpelaust eldgammal
når det er barnebarna mine sin tur
til å bli vaksne
til å nærma seg min alder.

Eg har aldri før skjøna
kor kort sjølv eit langt menneskeliv er.

***

Før me har visst ordet av det
står me her og ser framover
med finrynka ansikt
grånande hår
og nesten utslitne sko.
Nokså takknemlege,
men framleis uforskamma svoltne på livet.

***

Eg held fylgje med tida,
eg er blitt ganske flink til det,
kvar morgon med reveljen frå mobilen,
som lar meg vakna såpass
at eg etterkvart kan tenna lys og trakta kaffi
ettekvart kan takka Gud for dagen.

Om eg får tid
legg eg merke til ansiktet mitt
i stadig forandring
der inne i spegelen
kvar gong eg spring forbi.

Eit levande timeglas
med merke av tida som går,
men framleis,
denne dagen og,
set eg føter under meg,
og syklar til nye arbeidsdagar

takknemleg og glad
for å få henga med
for å framleis kunna røra ved tannhjula
som driv oss og tida vidare.

Når eg får tid
pakkar eg alle engselege tankane
inn i bøner av lys og spindelvevtråd,
og legg dei i lomma eller langs grøftekanten.

***

Me skal slipa dagane
forsiktig og kjærleg som diamantar.

Me skal halda sekunda fast
ytst på tungespissen
så lenge det heiter i dag.

Me skal stryka tida vår
så ømt og forsiktig me kan
og halda liv i henne så lenge ho er der.

***
Eg ser biletet mitt i spegelen,
og ser at tida går.

Dei store penslane har rørt meg,
og gitt meg nye lag med ansikt.

Hadde ikkje håret mitt ein annan glød
sist gong eg kikka inn dit?

Smilerynkene er framleis ganske smilande,
men djupare enn før.

Bak ansiktet mitt skimtar eg resten av verda.
Ho treng meg meir enn den flate kalde spegelen.

I mine eigne auge skimtar eg lyset
og kjenner meg langsomt att.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget