Skuledikt

I dag illustrerer eg med ei elevteikning. Eg satsar på at vedkomande gir meg lov, for eg fekk lov til å bruka det og mange andre på instagram. Det har vore ei travel veke med to kveldar i kulturskulen, eit foreldremøte, ferdigstilling av individuelle læreplanar, soknerådsval og diverse anna. Sånn sett har det vore ei grei veke å ha resten av huslyden på vandring i Spania, eg har mest ikkje hatt tid til å vera heime nok lenge nok til å mata katten. Ei fin veke har det vore likevel, dersom nokon oppfatta innleiinga som sutring over lærarane si umoglege arbeidstid.
I dag har eg etterkvart kome så langt at eg har hatt tid til å jobba meir med ferdigstilling av diktsamlinga mi. Eg fekk lyst til å leggja ut nokre prøvesteinar i dag og. I boka skal det vera ei eiga lita avdeling med dikt frå klasseromet. Eg limer nokre av dei inn her, og ser om nokon kjenner seg att:
*
Eg håpar dei ser at eg ser dei
Eg står her i klasseromet,
med eit bein på bakken
og det andre i halvspagat,men vil ingenting anna enn å vera her.
Eg står her og er glad for å finnast
medan eg sjonglerar ballar og regnboger
tal og bokstavar, lærdom og folkeskikk,
stjerner og nymånar, grammatiske reglar,
nynorsk verb-bøying og store appelsiner.
Eg står her med fulle hender
og håpar at barna ser at eg ser dei.
*
Ser du meg, lærar?
Eg ropar namnet mitt høgt
slik at du skal vita kven eg er.
Eg bles i basunar for at du skal finna meg.
Eg er den ventande og den ropande.
Eg er her og vil sleppa å bli usynleg.
Ser du meg, lærar?
*
Nokre dagar er fullmøblerte
Nokre dagar er fullmøblerte
heilt frå vekkjarklokka flerrar draumane
og brutalt dreg sceneteppet til sides
heilt frå dagen kitlar deg i nakken litt for brått.
Du småspring for å nå jobben
før skuleklokkene ringer
og du skal stå vaken og glad
i klasseromet med planane klare.
Du jobbar medan opnar matpakken
og slurkar kaffien mellom oppgåvene.
Du jobbar til klokka fortel
at du burde ha stansa for lenge sidan,
og kvelden er klar til å innhenta deg.
Til slutt tek du avslutningsnummeret,
sjølve postludiet
til vissa om
at du må koma deg i seng nå
skal du koma deg opp i morgon.
Du veit at du har halde godt fast i marionettetrådane
og dansa dei rette dansane,
Du veit at du har klart det i dag og,
i alle fall viss du ser stort på det.
For visst har du hengt med i svingane,
ledd mykje
og varma deg på livet,
og visst har du nytt utsikta undervegs.
*
Eg vil knela ned og la meg overraska
Verda speglar seg i barneauge
og ser med eitt annleis ut.
Eg skal setja meg ned på kne og lytta
etter det eg har gløymt at eg veit,
etter alt eg ikkje har forstått før nå
Eg vil knela ned og la meg overraska.
Så vil eg våga å ta det med meg ut,
kviskra det i store vaksne øyre
bare håpa i det lengste
at den som har øyre å høyra med høyrer.
*
Bare springa
Å springa gjennom gangen og hyla
i flyt gjennom dag og tid
usikkert manøvrerande
med trass og uthaldenheit
som kan driva vaksne folk galne,
vera i opprør, open og lukka,
tru at alt skal ordna seg,
eller tru at alt går gale,
skyva tankane til sides bare springa,
ropa ord som skal svi
hinsides frekke ord,
kasta i sinne som eldkuler
blindt eller mot dei som skal rammast
hyla av fryd og frustrasjon,
sprenga alle grenser
og koma tomhendt tilbake.
Kven bankar på døra med silkehanskar
eller med hendene klare til boksekamp?
*
Læraren
Me står her i havet av draumar
av optimisme og knuste håp,
av bokstavar, tal, undring og uro,
kulerammer og stand-up- show,
står her i store bølgjer av fastspikra normer
av blankpussa læreplanar
og sprell levande ungar.
I eit mylder av boblande, sitrande liv
står me med såkornet i hendene,
med radarar og fiskehåvar,
med stoppeklokker, gymfløyter, spader og sopelimar,
med smilehol og beisk sjølvkritikk,
og tek i mot livet sekund for sekund
alt som har vore, er og koma skal.
Me formanar, hysjar og skjenner,
løfter fjernkontrollar og peikestokkar,
gir oppgåver og leselekser
medan me skrur store projektorar av og på
og kranglar med smarte elektroniske læremiddel.
Bård skulemeister gjekk heim
lagerfrakken er hengd vekk
sandalane hans er bare til sommarbruk.
Snart hugsar ingen lyden av kritt mot grøne og svarte tavler.
dekorerte tavler før sommaravslutninga har gått i gløymeboka
saman med fargekritt, blomar og gule soler
og læraren si godkjenning med skrå lærarskrift:
La stå!
Men visst er me her framleis,
me står her og pustar djupt
både inn og ut
medan hjarta våre dunkar som bare det
for levande barneliv, for pensum og mål for timen,
for alt me skal makta
for alt me trur på og alt me må.
Og kjenner at livet er velsigna og skremmande.
*
Alle i det same huset
Sommarfuglbarn
og grensesprengjarbarn
snurrebarn og sprettballbarn,
grublebarn, følebarn,
hostebarn og feberbarn,
varme barn og frysebarn,
Tøysevaksne, strengevaksne,
ryddevaksne, leikevaksne,
tryggevaksne, slitnevaksne
gråtevaksne og trøyttevaksne.
Alle i det same store huset
siglande gjennom tida.
*
Morgon i klasseromet
Eg tek modig tak i mitt hjørne av den store blå duken
klar for å rista liv i ein ny dag,
klar til å halda himmelen oppe,
klar til å stå der med hjartet mitt i hendene
på plass i klasseromet,
for å ønska dei velkomen når dei kjem
nokre av dei framleis med natta i auga,
før me bretter skuledagen ut
og hoppar saman inn i han.
*
Klokkene
I nesten heile mitt liv
har skuleklokkene vore der,
tikka meg framover,som tidebønsklokkene i gamle kloster.
Alltid desse klokkene
med visarar som dreg tida framover,
og aldri let oss dvela for lenge.
Desse klokkene som dagleg minner oss om
at det er i dag desse barna er barn,
det er i dag dei skal læra om spørjeteikn og komma,
høyra legendene om helgenar og heltar
og teikna barneteikningane dei ikkje er i stand til å laga seinare.
i dag dei skal læra å kvila trygt i andre blikk,
læra å lytta,
læra å finna ro.
Det er i dag dei skal få krefter til å bera seg sjølv
frå nå av og resten av livet.
Når klokka ringer
må du setja kaffikoppen lydig til sides,
reisa deg opp
og leggja kvardagstankane til sides,
Du må hoppa jamføtes inn i denne timen,
via deg til dette andedraget,
og symja framover sekund for sekund.
Slik er det med barn og skuleklokker
slik er det sikkert og med klosterklokkene.
Dei held deg oppreist,
dei leier deg vidare,
vekk frå ei tid som ikkje lenger eksisterer,
til ei tid me framleis veit lite om.
Dette skal me klara.
*
Sist helg då eg la ut dikt fekk eg så mange hjartevarmande kommentarar frå folk som sa at dei kjende seg igjen. Desse dikta er heilt forskjellige frå dei eg la ut då. Dersom du som les har lyst ville det hjelpa meg å vita kva for nokre av desse dikta du synest kommuniserer med deg som lesar… Men bare viss du har lyst, altså.
Heidi