Gå til innhald

Haust

september 22, 2023

For å oppretthalda fredagstradisjonen med å by på tekstar frå den komande diktsamlinga, tenkte eg at eg kunne leggja ut nokre haustdikt. For nå er det bare å ta det innover seg. Hausten er her, og me det er ikkje veldig sannsynleg at me får fleire sommardagar på denne sida av jul. Når det er sagt, så er ikkje hausten så verst den heller…

*

1

Det handlar om nåde

Når sommardagar kjem smygande
med store smil og opne armar
midt i september,
handlar det om nåde.

Du drikk med glede og begjær
alt du ikkje var sikker på at du skulle få meir av.

*

2

I mørknande blå kveldar

I mørknande blå kveldar
når sjøen ligg augustmild
og skarvane ligg flate over havet
under indigofarga himmelduk
kanta med appelsinfarga solnedgang,
er livet ein vemodig tone
om mogning, haust og livsmot.

*

3

Mørket kjem utan truslar

Mørket kjem tilbake utan truslar,
bare stille tuslande,
ein aldrande gammal venn,
stryk deg mjukt over kinnet og halsen
for å invitera deg med
på vandringar i kjende landskap.

*

4

Ingenting er meiningslaust

Hausten legg fargar i skogen,
fuktig mold og skogbotn
til forveksling likt lukta av nyfødde barn.

Vemodsmjuke bølgjer
nedover ryggrada
av sommar som har forsvunne.

Skodda i tunge flak over vatna,
raude mogne nyper
i frekt samspel med bleikrosa blomar.

Ingenting er meiningslaust
syng myrulla
og sveipar mjukt og modig
over livet med kvite penslar.

*

5

Natta kjem med stjerner i hendene

Natta kjem med stjerner i hendene
og med ullteppe for alle som frys på føtene.

Kven kan setja ord på natta,
på blomane og stjernebileta,
Kassiopeia og Andromeda
blå valmuesøster og ranunkel?

Alle døtre av vatnet og molda
av lufta og av elden

Heilt til himmelen lysnar i aust
skal me sova som blomsterløkar i jorda.
Sova til me vaknar med smak av luft og vind i munnen
med utsikt til stjernene,
og til det lyse sløret som varslar dag.

*

6

Morgonhusa

Morgonhusa står der og glødar
med aprikosfarga auge mot soloppgangen i aust.
Snart skal blikka bleikna og kvardagen begynna,
men først denne andakten i heilag morgonlys.

*

7

Havet løftar på kjolen

Havet løftar på kjolen,
løftar den tunge nattblå silken,
med den kvite kniplingskanten
for å visa fram det irrgrøne underskjørtet.
Framleis er ingenting for seint.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget