Gå til innhald

Første dagen i oktober

oktober 1, 2023

Det er første dagen i oktober. Eg burde snart vera heilt i mål med diktsamlinga mi, men eg småspring framleis så fort eg kan i mellomstundene i håp om å koma i mål. Det er ein tilstand eg har blitt van med gjennom livet, så det stressar meg ikkje meir enn det burde…

Eg har lyst til å leggja ut nokre dikt i dag og. Det kjennest nyttig å få lufta tekstane litt. Eg tek framleis meir enn gjerne i mot tilbakemeldingar.

*

1.

Edderkoppen

Eg ser på regnet og vinden utanfor,
eg plukkar den femkronestore edderkoppen
forsiktig ned frå veggen,
og flyttar han til eit anna rom i huset
før gjestene kjem.

*

2.

Me som har ledd mykje saman

Me som har ledd mykje saman
blir aldri framande for kvarandre.
Me som har vore fortvila saman,
trøytte saman
og sett små under skje med jamne mellomrom,
vil alltid bera litt av den andre med seg
i eit hjørne av hjartet,
eller aller lengst nede i ei ekstra stor regnjakkelomme.

Eg skal snofla meg fram
i bratte trapper og lange korridorar
og plutseleg hugsa
at her gjekk me saman ein gong.
Det var der me stod
då du fortalde det hemmelege.

Når me kjem til gatekryss og rundkjøringar
og noko nytt skal skje
skal me modige ønskja kvarandre
lukka til vidare.

Me skal meina akkurat det me sa,
at frå nå av håpar me at det meste
som skal skje
er godt.

Det er ingen grunn for tårer,
for visst skal me sjå einannan igjen,
me skal møtast,
i neste veke eller om lenge.

Då skal me smila noko hemmeleg,
og kvila trygt i blikket til kvarandre
før me går vidare.

Slike som har ledd mykje saman
kan aldri bli heilt framande,
ikkje for kvarandre.

*

3.

Sundagen

Me tek sundagen i hendene
som ein stor melonmåne
og bit i han så safta renn.
*

4.

Herleg oppslukt av å leva

Du har smakt på dei gode dagane
der du ikkje hugsar om du er vaksen eller barn
ung eller gammal, trøytt eller opplagd
fordi du har vore så herleg oppslukt
 av det å leva.

Om du høyrer fløytemusikken
må du klora deg fast i han med neglene
så kan du dansa og synga
eller bare lytta roleg og andaktsfullt
for akkurat nå er du barnet frå ditt indre,
du er heime hos deg sjølv.

*

5.

Glede, tolmod og kjærleik

La glede tolmod og kjærleik
få stor plass

Det er slike som dei
som skal halda deg oppe,
som skal bera deg gjennom
når livet frys til,
og du treng å bli boren.

*

6.

Du skal syngja deg gjennom

Du skal syngja deg gjennom
når det kronglar seg til,
gripa fatt i kvilenotar og gånotar
og bare klamra deg fast.

Du skal lukka auga
og syngja høgt når det er nødvendig
i store skogar om natta,
og i mørke trapper som knirker.

Alltid freidig
og aldri redd for mørkets makt,
stjernene vil lyse.

Det er heilt i orden å klatra i notelinjene
dersom det kan redda deg.

*

7.

Pust livet inn og stå i det

Pust livet inn og stå i det.
La strikkepinnane gå.
ikkje ver redd for vrange maskar.
Ikkje ver redd for å ta for deg av fargane,
sjølv om det betyr at du må festa trådane etterpå.

*

8.

Ha tol med oss som rømmer

Ha tol med oss som rømmer
frå slikt me ikkje vil vita av,
med oss som  ikkje orkar å sjå.

Ha nåde med oss og hald oss
med sterke hender slik at me kjenner,
det er mykje meir enn motet det kjem an på.

La oss klamra oss til deg
i det kalde vatnet
heilt til me vågar å symja sjølv.

*

9.

Kyrie og gloria

Tida er naken og begrensa
Me kviskra eit kyrie,
og nynnar eit gloria.

Me høyrer klokkene slå ni slag
og samlar livet vårt til bøn.

*

10.

Kom, for alt er gjort ferdig

Skaparen opnar kyrkjedøra
og hentar oss inn frå gata.

Han seier kom inn
for her er det plass til deg.

Kom, for alt er gjort ferdig.

*

11.

Ei sliten Mona Lisa

Ei sliten Mona Lisa
med store tatoverte overskrifter
på panna og på brystet.

Store vidopne auge
og eit forpint smil,
striper av sorg langs det eine kinnet,
klar for det meste

Du held deg oppe så vidt det er,
tenk at det er mogleg.

Så mykje eit menneske er i stand til å bera.

Eg ser deg og kjenner pulsen din
i mine eigne årer.

Eg tryglar tida og livet om å vera deg vennleg.
*

12.

Redde tankar med kalde fingrar

Det hender at redde tankar
rører meg med kalde fingrar
Det hender at eg begynner å be
om at føflekken over høyre kne
ikkje må vera farleg,

Eg lover å vera vaksen og klok,
eg lover å få han sjekka.

Eg ber om at hjartet mitt ikkje må få kramper
og plutseleg slutta slå,
om at hjernen min ikkje heilt utan vidare
skal begynna å blø,

om at det andedraget
eg akkurat nå dreg ned halsen
ikkje må bli mitt aller siste.

Eg ber om at barnebarna mine
velsigna vere dei,
ikkje plutseleg skal springa ut
framfor ein buss i fart,
ikkje plutseleg skal detta ned
lange og veldig bratte trapper,
mot ein stor og alt for kald kjellar,

Eg ber om at ikkje noko slags mørke
skal sluka ein einaste ein
av dei eg er glad i.

Så puster eg inn så djupt eg kan,
held pusten fast der inne
og takkar med alle nervetrådane i heile meg
for livet og ein ny dag.

*
13.

Bøner på strikkepinnar

Ikkje alle veit at ein kan be med strikkepinnar,
det kan ein.

Dei ber glødande bøner
med garn og fargar,
med masker og rader,
lysande og gråtande.

Bønar for fødde og ufødde barn.
Bøner for dagar som skal koma.
Bønar som blir gensarar
og vottar til iskalde fingrar.

Strikkepinnar syng stille songar.
i blått og grønt og rosa
om det fine som har vore,
og det gode som koma skal.

Dei veit alt om vrange maskar
i tillegg til dei rette,
om aukingar og fellingar
og slikt som raknar før ein oppdagar det.

Dei veit det meste
om å rekkja opp att og begyna på ny.


Strikkepinnane har bore
mange bøner,
mykje levd liv,
lyst lett garn,
og store garnvaser,
slike ein til slutt på klippa brutalt vekk med saks.

Dei er nåtida mellom hendene
på toget og i sofaen,
i godt lag og i stille rom,
dei har alltid ein tråd til framtida.

*
14.

Han har kyst meg på hjarte og bryst

Dødsfrykten er ikkje langt borte frå meg.
heller ikkje min andre faste medvandrar,
Livstørsten, evig optimist
og ein smule utmattande,
ein som skamlaust framoverlent
alltid vil ha meir.

Eg kjennest ved tørsten og svolten,
den andre fyren prøver eg å halda på avstand.

Han dukkar opp med ulike masker
og kysser meg med den spisse munnen sin
før eg får stoppa han.

Han har kyst meg på hjarte og bryst,
i pusten og på halsen,
men så langt ikkje klart meir
enn å skremma vitet ac meg.

Han frir til fantasien
og saman kler dei seg ut
og prikkar meg med isnåler.

Det hender dei dansar meg
gjennom dødsskuggens dalar
mens eg lukkar auga hardt
og minner meg sjølv på kven eg er.

Eg veit at ein dag,
om litt eller lenge,
vil det vera han sjølv eg ser
når eg får rive av han maska.

Då har eg trening i å møta han,
kanskje det hjelper?

Då må du blåsa
mildt og vennleg på meg,
himmelske kjærleik,
og så får vel eg stå i det og.

*

Eg innser at 14 tekstar sikkert er nok til å ta energien frå dei fleste som les, men i kveld hadde eg ikkje vit til å stansa i tide, så då får det heller vera sånn…

God sundagskveld til alle

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget