Gå til innhald

Tittel?

oktober 5, 2023

Kva skal barnet heita? Det kan vera eit nesten umogleg spørsmål når ein står med eit nyfødd barn i armane og ingen namn er fine nok. Det å namngi ei bok kan og vera ganske vanskeleg. Eg trudde at diktsamlinga mi skulle heita «Kjære mi tid», som ei kjærleikserklæring til tida eg har fått, står midt i og skal få, men heilt sikker har eg ikkje vore. Eg er redd at folk les tittelen bare i lys av det uttrykket som gav meg ideen til eit dikt, altså eit forundra utrop over eit eller anna, kanskje med eit ørlite anstrøk av noko negativt som i «Går det verkeleg an?».

Nå er eg blitt endå meir i tvil for ein svært lokal kritikar som er sett i sving med å lesa korrektur meiner at
tittelen gir assosiasjonar til tida som er forbi. Altså ein tittel som passar viss ei gammal dame ser seg tilbake. Eg opplever det ikkje slik, men ein skal lytta til kritikk som kjem frå andre fordi dei fleste andre ikkje kan forventast å tenkja og oppleva på same måten som meg…

Eg har derfor tenkt på alternative titlar, og dette blir verkeleg ei hastesak fordi eg har tenkt å levera frå meg første utkast i løpet av morgondagen. Diktsamlinga skal innehalda fylgjande: Dikt om årstider og natur, dikt frå skulen, dikt om det vanskelege, dikt om det fine, dikt om koronaepidimien, barndomsdikt, mormordikt og dikt om tida som går så utruleg fort. Dersom eg skal skifta tittel, kva for ein av dei fylgjande dekkjer innhaldet på ein god måte og er samtidig ein fengande tittel?

  1. Du kan godt gå ut i storm
  2. Å dyrka smilerynker
  3. Frå nå av vil eg bu i håpet
  4. Å la seg bera
  5. Me skal pakka livet ut
  6. Me som har ledd mykje saman
  7. Fri oss frå likesæla
  8. Pust livet inn og stå i deg
  9. Ønska livet velkomen
  10. Nokre dagar er fullmøblerte

Eg tek i mot innspel med stor takk.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget