Luke 2 desember – 23

Det er så lenge sidan eldstebarnebarnet hadde vore her aleine, så i dag skulle me få til litt aleinetid med mormor og morfar. Ikkje overraskande ankom ho med ei ganske stor pappøskje under armen.
«Mommor, du må finna fram lagekassane dine for me skal laga noge!» Sidan mormor kjenner den ungen igjen på seg sjølv, sparar ho på alt frå tome dorullar til vitaminpilleglas. Det er aldri feil å ha ein lagekasse eller tre ståande med slikt ein kanskje kan få bruk for…
Planen for laginga var snart klar. Ho hadde med seg familiens helgegjest denne første adventshelga: klassebamsen Teddy, som i dette tilfellet er ein kosekanin. Han trong eit eige hus han kunne overnatta i inne på romet hennar. Det vart for varmt under dyna i senga saman med henne, og utan dyne vart det alt for kaldt. Formingsaktiviteten gav seg sjølv: Teddy trong eit hus, og det fortast mogleg. Av pappa hadde ho fått med seg ein tynn pose med glidelås. «Me må sy enn sovepåse te Teddy og, mommor!»
Sidan ho var først på ballen reint tankemessig, og alt i bilen på veg bort hadde begynt å tenkja gjennom arkitektoniske løysingar, hadde ho delvis planen klar. Me skulle klippa av den eine klaffen på øskja og laga ein flyttbar vegg. «Viss me presse an inn uden å lima kan Teddy velja kor stort soverom han vil ha. Då kan han av og te ha det lide og av og te ha det stort! Viss han vil kan han ta veggen vekk å ha bara ett stort rom…»
Tanken var ikkje dum, og det viste seg at skyveveggen fungerte etter intensjonen. Teddy fekk gullfolie på golvet, bilete på alle veggane, seng med fastlimt pute i mosegummi, ein stjernelampe i taket, samt spiserom med matskål og vannskål av ein gammal gnagsårplasterboks som vart delt på midten. I matskåla låg ei oransje gulrot.
Eit ballettskjørt i rosa tyll vart det òg til Teddy i tillegg til fløyelssløyfer i øyrene. Dette sjølv om Teddy strengt tatt pleier å vera ein gut…
Det fine med huset var at det kunne klappast saman til ei øskje med lok når Teddy skulle reisa heim.
Då veslesyster ankom med brask og bram var byggeprosjektet avslutta, og me kunne gå over til vanleg teikning på ark og etterkvart ha eit lite måltid beståande av julegeiter med smør.
Klokka halv fem pakka me jentene inn i lag med varme klede og reiste ned til torget for å vera med på adventkos og tenning av juletreet. Det var nydeleg kaldt vinterver og masse folk på torget, og i tillegg var det to musikkorps, boder med gløgg, peparkaker, popcorn, dansegruppe, barnekor, ein andaktshaldar frå Australia og ein felleskorreografert dans for alle som var samla. Minstejenta møtte Ingrid, favorittpersonen hennar på denne jord, og insisterte på å bli boren rundt på området slik at ho hadde god oversikt og var i trygg forvaring.
Juletreet viste seg å forbli utend sjølv om forsamlinga telde ned frå ti til null tre gonger. Det funka for då vidt greitt å gå rundt treet og syngja «O jul med din glede» sjølv om lysa på treet forblei utende. Det var mange andre lys på torget. I tillegg gjekk det smånissar rundt og delte ut kakemenn til alle barna, og slikt er aldri feil.
Etterpå inviterte me med oss onkel Odd Christian heim, og så sat me tett saman i sofaen og åt heimelaga pizza og såg to episodar av Snøfall 2. Det var kjempekoseleg. Litt lørdagsgodt vart det òg tid til før jentene vart henta heim til legging.
I går handla eg på ein spontan impuls, og fekk sett influensavaksine nede på apoteket. Det er sjuke folk overalt, og nokre av dei eg kjenner godt er blitt skikkeleg dårlege. Nokre av dei har testa positivt på korona denne siste veka. Ein kan jo håpa at den runden me hadde med Covid i august har gitt oss ein slags immunitet, og i tillegg kan ein håpa at eg har nok tid slik at influensavaksinen når å gjera meg immun i tide…
Det å gå rundt å frykta smitte var meg heilt ukjend før koronaperioden. Eg trur for øvrig at det å ha stått i eit klasserom med meir eller mindre halvsjuke ungar i nesten 38 år i strekk er den beste trimmen immunforsvaret kan få.
I morgon skal me tenna det første lyset i dei to adventstakane. Hos meg er det lilla lys som brenn på ekte ved hjelp av fyrstikker som tel. Ein snømann og nokre englar fann me og fram. Dei små gjestene ville helst plukka fram heile pynten, men dei har ei litt gammaldags mormor som påstår at det er lenge til jul endå…
Heidi