Luke 3 desember-23

Det er første sundagen i advent, og sidan det faktisk var eit tynt lag med snø ute måtte det koma med på biletet. I dag er me jo nesten innafor den firkanten som blir kalla norsk vinter, og det skjer ikkje så alt for ofte. Når elevane i småskulen lærer om dei fire norske årstidene så er vinterbileta fulle av skispor og snømenn, så det er ikkje rart dei blir forvirra.
Den opprinnelege planen i dag var å invitera familien på adventkaffi slik tradisjonen vår tilseier første sundagen i advent. I år fann me ut at me av smittehensyn fekk venta på nye sundagar. Det verserer både korona og andre variantar av hangling, og det er jo eit slags poeng i å halda flest mogleg på beina, i alle fall dei som har runda åtti.
I staden vart det ein sundag med deler av dagen i lag med mormorjentene. Me henta dei før kyrkjetid og så vart det gudsteneste med sundagsskule, englelaging og kyrkjekaffi. Me er heldige som har dei så nære oss at det er heilt naturleg å vera i lag på sundagane. I dag var kyrkja fin og nypynta med mykje lys og mange stjerner. Det var fint å koma inn dit.
Etter gudstenesten åt jentene middag hos oss. Me koste oss med eit nytt kapittel av «Snøfall», og så sat me lenge rundt bordet og teikna. Klassebamsen, kaninen Teddy, har og vore i lag med oss. Han har hatt ei begivenheitsrik helg.
Dei to lysande julestjernene våre er på plass i kvart sitt vindauge, og me har hatt to omgangar med tende adventlys. Jentene vil gjerne baka fleire kakemenn, så det må me få til ein dag. Den første porsjonen som vart bakt for to veker sidan vart så liten at han er borte allereie.
Ettermiddagen er blitt brukt til å planleggja den første adventveka i 6.klasse. Eg trudde me var nesten i mål, men eg er framleis ein tidsoptimist av dimensjonar. Eg har framleis litt att, men har store planar om ikkje å bli for sein i kveld. Eg gleder meg til å feira advent med klassen. Førjulstida er den beste tida i heile skuleåret. Kanskje eg har lært meg nokre strategiar som eg får til å gjennomføra i år? Det kan bli sånn omtrent det første året eg ikkje brenn meg på fingrane med ein limpistol.
Kanskje eg og klarer begrensa glitterbruken til eit minimum? Til informasjon for uinnvidde: Glitter er forferdeleg å få i auga, i verste fall er det så mykje i omløp at det knasar mellom tennene når du et brødskiva di. Det er heller ikkje heilt uvanleg at det glitrar i vinylbelegget og knitrar under skorne til i midten av februar. Det høyrer med til historia at elevane elskar glitter. Helst sånn lausglitter på boks og helst i store mengdar…
Heidi