Luke 4 desember – 23
I dag innleiar eg innlegget med dette flotte julekortet frå 6.trinn som ei påminning om at ikkje alt ein tenkjer og skriv blir heilt som ein har tenkt…
I år prøver me oss på noko nytt på trinnet. Nå i adventstida set me dei vanlege faga litt til sides den første morgonøkta frå kvart over åtte til kvart på ti. Då syng me, opnar adventkalendaren elevane sjølv har laga, les høgt frå ei adventbok, tenner adventslys og kosar oss med leikar og ein førjulsaktivitet.
I dag var førjulsaktiviteten laging av julekort, og diverse materiale var lagt fram slik at ungane kunne kreera sine eigne kort. Fleire av mine mange flinke og kreative medarbeidarar hadde funne fram diverse former for julekortdekorasjonsrekvisittar, og jammen stod det ikkje fleire store boksar glitter og venta på ivrige aktørar.
Så lenge varte mitt siste løfte til meg sjølv i gårsdagens blogginnlegg: Å ikkje la elevar gå amok med glitter… Og visst glitra det… Og ja, når alt kjem til alt er eg ikkje ein festbrems som nektar skapande barn ein dose glitter når situasjonen byr seg fram…
Det høyrer med til historia at ein kollega fleire timar seinare lurte på om me hadde hatt juleverkstad for det glitra så fint i ansiktet mitt.
Visst vart julekorta fine, med og utan glitter. Hadde eg hatt betre fotokapasitet på bloggen skulle eg vist fram fleire.
Adventboka eg har vald for heile trinnet dette året er «I et speil, i en gåte» av Jostein Gaarder. Det er ei vakker, trist og veldig filosofisk bok om ei kreftsjuk jente som får besøk av ein leiken og filosofisk engel. Boka er litt i slekt med «Sofies verden» og «Julemysteriet». Eg hugsar det som ei god oppleving sist eg las denne boka i ein sjette klasse. Eg håpar det blir det og. Ho er nok litt «tyngre» enn eg hugsa ho, men første kapittelet fungerte fint i klassen min, og i fjor kom me oss gjennom «A Christmas carol» av Dickens.
Det blir snakka mykje om at barn nå er vane med at alt går så kjapt. Den gamle serien om Jul i Skomakergata ville i fylgje dei som har forska på det ikkje fenga ungane av i dag.
For ein god del år sidan gjekk «Jostein Gaarder-feberen“ over landet.»Alle» las «Julemysteriet» for elevane sine. Eg høyrde til og med om ein barnehage det dei las denne boka. Nå vurderer dei fleste av oss det slik at det vil vera alt for tidkrevjande å lesa denne boka i nokre korte adventveker fordi kapittela er lange og fordi ein må få inn 24 kapittel på langt færre skuledagar.
Eg har faktisk i si tid lese «mursteinsboka» “Sofies verden» for ei elevgruppe, rett nok med nokre forkortande handlingsreferat sånn innimellom. Det gjekk fint og var kjekt den gongen, men nå ville eg sett på det som eit nokså halsbrekkande prosjekt å prøva meg på ei gjentaking…
Me får kryssa fingrane for årets bok, og for at mine flinke norsklærarkolleger og får det til å fungera i sine klassar… Eg innsåg plutseleg at eg i ein del samanhenger er ein person som klamrar meg fast til langsamheita, at ting skal få lov til å ta tid og at me av og til må få oss sjølve og andre ned på roleg kvilepuls.
Kvilepuls eller ikkje… Eg er framleis ein person som desperat ønskjer meg fleire timar. Dette på tross av at eg ikkje lenger har dagleg hovudansvar for barn eller hushaldning. Når vandraren eg deler hus med er heime, får eg nesten lov til å prøva meg i rollen som «tradisjonell mann». Eg står opp til nytrekt kaffi om morgonen og kjem heim til ferdig middag og heimebakte knekkebrød og rundstykke.
Nokre dagar er det velsigna godt å ikkje skulla ut på noko igjen når ein kjem heim ein gong ganske seint på ettermiddagen. I dag vart det kaffi, klementiner, litt julekaker og ein nydeleg dokumentar om Selma Lagerlöf. Den anbefalar eg alle litteraturelskarar å sjå. Eg trur han ligg på NRK 2. Eg har sett to av romanane hennar «Jerusalem» og «Keisaren av Portugalien» i filmatisert form på fjernsynet. Begge gjorde uutsletteleg inntrykk på meg.
Heidi
