Gå til innhald

Luke 15 desember-23

desember 15, 2023

Det å stå opp med yngste barnebarnet er ikkje den verste måten å starta ein dag på. Han er tillitsfull og blid sjølv om me ikkje har sett han på nesten to månadar, men han har det travelt med å oppdaga livet. Det siste har eg ei viss forståing for.

I dag hadde me julelunsj med kulturskulen på Smiegarden på Umheim. Avslutningar med kulturskulen er alltid så koselege med mange fine musikkinnslag, masse allsong og god mat. Eg liker meg veldig godt i dette skuleslaget der kreativitet og det å veksa som menneske gjennom kulturutøving. Dei siste 23 åra eller noko slikt har eg hatt ein del av stillinga mi der. Først var eg dramalærar i lag med Jan Ivar, så var eg drama- og skrivelærar og dei siste 12-13 åra bare lærar i skapande skriving og med manusansvar for 10.klasse-forestillinga. I dag var deler av lunsjen som å vera på konsert. To av mine dyktige kolleger, Torill og Øyvind framførde jærsk julevise på ein heilt ny og veldig vakker måte.

I ettermiddag har me fått to nye små overnattingsgjester i tillegg til han som kom i går. Iben og Hella er sjarmert av det vesle søskenbarnet sitt og vil gjerne hjelpa til og passa han. Sengekabalen i natt er at eg overnattar på eit av gjesteroma på loftet i lag med begge jentene. Me håpar dei tre yngste i huset ikkje skal halda kvarandre vakne, for ingen av dei kastar vekk meir tid enn nødvendig på nattesøvn, og alle er glade i å stå opp så tidleg som mogleg.

Eg må innrømma at det å sova med små pustande menneske inntil seg i grunnen er veldig koseleg. Nå sløkkjer eg lyset og satsar på ei fredeleg natt og sein frokost…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget