Gå til innhald

Luke 17 desember-23

desember 17, 2023

I går lova eg å skriva litt meir om laurdagskvelden i Gamle Stavanger. Linn og Karleif har kjøpt eit gammalt verneverdig hus i den gamle bydelen. Dit var me så heldige å vera inviterte saman med mange andre hyggelege menneske. Nokre av dei kjende me frå før, nokre hadde me møtt eit par gonger og andre var heilt nye.

Der inne mellom hundrevis av englar, heilage tre kongar, blomar, kunst og dekorasjonar var det dekka langbord og tend mange lys. Den tronge gata går rett utanfor vindauget, og folk som var ute og spaserte kikka inn til oss.

Alle hadde bidrege med mat til eit rikhaldig kveldsmåltid og julesongar låg klar i tjukke hefte. Alle var utfordra til å dela eit eller anna, og med mange dyktige musikarar vart det reine konserten. Veldig fint å få vera med.

Halvard kom heim på juleferie på lørdag og kan gleda seg over at eit prosjekt han og to andre har jobba med i eit halvt år nå er kjøpt inn av NRK slik at oppdraget kjem til å halda på eit år framover. Me er lova at me skal få sjå piloten, og eg er advart om at eg strengt tatt ikkje høyrer til målgruppa.

Det er fantastisk å ha Halvard, Sunniva og Tage heime, og eg nyt at eg dei siste to dagane har hatt tid i lag med alle dei fire barna mine og alle tre barnebarna. Eg, Sunniva og Tage har vore ute på tokt i dag og fått ordna litt forskjellig. Nå blir det nokre intense dagar med jobb på dagtid og julerelatert jobbing pluss litt anna på ettermiddagar og kveldar. Det skal bli fint og intenst.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget