Luke 18 desember – 23

Dei som er seks år, og dei som er tre år og for den saka si skuld, blir plutseleg veldig store når dei skal samanliknast med eit åttemånadars syskenbarn som kjem på besøk. Begge dei to store er veldig søte med han og vil gjerne vera med og passa godt på han.
Eldstejenta, som nettopp fylde seks i oktober, ville gjerne teikna han og. Ho studerte ansiktet hans nøye før ho sette i gang med blyanten. Undervegs kommenterte ho sitt eige arbeid med fløyelsstemme: «Og så må han få silkeblåe aue, for dæ he an jo…» Blåfargen på portrettet over er altså «silkeblå» om nokon måtte lura… Og mormora, velsigna vere henne i all sin manglande objektivitet, synest i grunnen at det liknar.
I dag fekk elevane vera med på noko kjekt. Klassekontaktane hadde oppdaga at det var eit tilbod på klassebowling, og sidan det var litt pengar på klassekontoen spurde dei oss om dei fekk lov å gi elevane denne opplevinga. Det var veldig vellukka, ungane oppmuntra og backa kvarandre opp på ein heilt nydeleg måte. Dei som hadde utforska kast med ein liten knekk i handleddet demonstrerte for dei andre som òg måtte prøva om det var betre slik.
Ferien nærmar seg med raske steg. Eg er glad for at me vart einige om å ha nokre veker med fokus på det sosiale. Me har våga å leggja «det faglege» trykket bittelitt ned, kontaltlærarane har hatt meir tid med eigne elevar og me har prioritert å bruka tid på formingsaktivitetar, song, leik, høgtlesing og ulike former for elevaktivitet. Nå er me litt slitne alle saman og ser fram til ferie og ein omstillingspause før timeplanen rullar som normalt igjen på nyåret.
Etter å ha pakka meg ut frå jobben har eg handla julegåver og laga risbollar. Nå håpar eg at ein litt tidlegare kveld enn vanleg skal gjera underverk 😁
Heidi