Gå til innhald

Luke 20 desember-23

desember 20, 2023

Så er siste konvolutten opna i adventkalendaren på skulen, og julepynten teken ned frå veggane før elevane gjekk heim. Ryddigare sjeler enn meg hadde bestemt at klasseroma skulle strippast for juleting før me tok ferie slik at alt stod klart til januar »med blanke ark og farjestifter tel…» Det er sikkert ei klok avgjersle, sjølv om eg innerst inne ville likt å ha det slik til trettande dagen eller kanskje tjuande dagen. «Må me verkeleg ta vekk jula før jul?» var det nokon som spurte. Svaret var at det måtte me, men som eit kompromiss har me lagt glanspapirlenkene som hang i taket inn i skapet slik at me kan bruka dei neste jul og…

«Når me kjem tilbake, er det sånn vaaanleg skule med vanleg norsk og matte og engelsk?» spurde dei vidare, og det er det… Kvardagar er nok framleis mest haldbare i det lange løpet, men nå har me lang tid på oss til å feira, kvila og skru oss tilbake til normalen.

Me hadde ei fin samling i aulaen der elevane fekk takka av rektor Tore som skal vidare til nye oppdrag. Eg vil tru han kjende masse varme frå både små og store. Nå startar me med ny rektor etter jul, og Jone skal vera varmt velkomen.

Etter at me hadde send heim ungane og hatt ein ekstra rydderunde var det tid for høge smørbrød og feiring av juleferie. Her fekk me og avsløra hemmelege nissevenner, og eg fekk vita at det var May Bente som i smug hadde sett den fine snømannkakaokoppen på biletet, sjokolade, heimebakte julekaker, sjokolade og julekaffi på pulten min. Tusen takk. ❤️

Eg gjekk heim med rak rygg etter å til slutt få til å fakturera Time kommune for utlegg med bokproduksjon i kulturskulen. Eg har brukt mykje krefter på å utsetja den prosessen og grua meg til å gjera det. Eg fekk rydda vekk alt som ryddast skulle frå klasserom og skrivebord. Det første med veldig god hjelp frå ryddige medarbeidarar…

Det er koseleg å koma heim til eit hus det det ventar ein åtte månadar gammal baby. Det er koseleg at Halvard lagar middag og serverer lun gnoccisalat. Det er koseleg å leggja minstebarnet, å ha ein liten babykropp tett inntil seg mens barnet sovnar fredeleg. Det er òg koseleg å eta yngstedottera sitt heimebakte surdeigsbrød og sitja tett saman i sofaen og sjå på TV.

Nå har det blitt nokre timar med anna jobbing. I dag var morfar kjempeflink og tok morgonvakta frå rundt fem og to timar utover med ei opplagd liten krabat som var klar for frokostgrøt og oppdaging av livet medan mamma, mormor og onkel meir enn noko håpa på å få sova litt til.

Ei kkan alltids håpa på at den nemnde morfaren les dette som tidleg morgonlektyre og blir så smigra at han føler for å gjenta suksessen. I skulen kallar me den pedagogikken for positiv forsterkning.

Nå sskal eg unna meg den store gleda å skru av den faste morgonalarmen før natta innhentar meg. Er det dette som er den mørkaste natta i året, mon tru?

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget