Luke 22 desember-23

Etter uveret i går vakna me til nydeleg ver i dag. Ei perlemorsky forma som ei fredsdue fløy over himmelen. Eg hadde lyst til å fotografera for å ha bevis, men fann ikkje mobilen i tide. Me får håpa og satsa på at det var eit godt teikn for jula og det nye året.
Sjølv tok eg meg ein føremiddagsrunde med barnevogn rundt Tjødnå, for eg trudde «badne» var klar for å sova litt. Det var han tydelegvis ikkje. I staden låg han i vogna og småpludra på eit språk bare han heilt kan forstå
Når eg seier til mor at nokre av barnebarna har litt vel lite behov for søvn, så svarer ho med «Du sov veldig lite du og…» Me får velja å sjå på det som di slags anvendeleg superkraft, sjølv om barn som er mykje vakne om nettene, vaknar grytidleg og har lite behov for å kvila om nettene kan vera heftig kost kor dei som skal passa på dei.
I dag ankom ein ny julegjest, Trygve. Han er pappa til han som helst vil vera vaken, så nå er me mange til å avlasta kvarandre.
Me hhar hatt fikk jentelunsj for fire generasjonar på Figgen hos lillesyster i dag. Det var fint. Arbeidsrommet er rydda og juletreet står på for klar til pynting. Dette kan gå bra ❤️
Heidi
dt