Gå til innhald

2.mai – Plutseleg sommar

mai 2, 2024

Veret ute har vore heilt fantastisk i dag, sol og sommar og meir enn tjue grader pluss. Det er rart å tenkja på at på måndag sykla eg heim frå skulen med tjukke vottar på hendene og med ulljakke under boblekåpa. I elevsamtalane i vår har nesten alle elevane fortald meg at dei ønskjer seg meir leik og fleire utetimar, så i dag passa det godt at dei kunne få utetid i sola med innlagde øvingar til timestafetten som skal vera i neste veke. Då skal me sykla til Lye med heile gjengen for å springa stafett.

Etter vanleg skule har eg hatt utviklingssamtalar med elevar og foreldre. Det er veldig fint å få setja seg ned rundt eit bord og snakka saman i fred og ro. Nå i vår har elevane jobba med presentasjonar på ipadane sine, som dei skal visa foreldra om sin eigen skulekvardag, om kva som er fint og kva som er vanskeleg. På ein eller annan merkeleg måte synest eg alltid at den avsette halvtimen går alt for fort, og av og til lurer eg på om foreldra fekk tid til å ta opp alt det dei hadde lyst til å ta opp. Etter utviklingssamtalane var det barnekor med påfylgjande kveldsmat i kyrkjestova for meg og dei to mormorjentene på tre eit halvt og seks år. Det er torsdagsrutinen vår annankvar veke. Eg synest me er veldig heldige som har jentene så nære at me kan sjå kvarandre kvar dag om me får lyst. For eit år sidan fekk eg ein liten mormorgut i Oslo. Sjølv om eg gjerne skulle hatt han nærare, så trøystar eg meg med at Oslo er bare ei togreise unna og ikkje på den andre sida av kloden.

Som alltid når eg er i gang med maibloggen, så må eg bla meg bakover litt for å sjå kva eg tenkte og skreiv på denne tida i fjor, for fem år sidan, for femten år sidan… Eg må innrømma at det meste er veldig gjenkjenneleg. Det som foregår i der romet i livet som heiter mai månad er mykje det same frå år til år:
Trea som blir grøne, utviklingssamtalar, kirsebærtreet som blømer, arbeid med boka frå skapande skriving, auge som er vonde på grunn av allergi, arbeid som hopar seg opp og gleda over vårlyset.

Om «forskninga mi» gjennom tjue skal kunna brukast til noko tankevekkjande, så er ein av tinga observasjonen av kor lite me i grunnen forandrar oss. Mykje av det eg skreiv for 18 år sidan kunne eg like godt skrive i dag, kanskje bortsett frå at den gongen hadde me huset fullt av tenåringar og nå bur me her aleine. Det same kan eg tenkja når eg les ting eg skreiv då eg var tjue. Dette gjer at eg gjer meg litt tankar om vår kultur sin trang til å dela oss inn i kvar våre alderssegment, og me trur at dei som kan vera nære venner helst bør vera på same alder som oss. Det er eigentleg ein ganske begrensande måte å tenkja på. Eg ser jo at Heidi på 40 liknar langt meir på Heidi på 60 enn det nokon av dei 40- åringane eller 60-åringane eg kjenner liknar innbyrdes på kvarandre… Kan det vera slik at me kan gå glipp av gode vennskap og nære relasjonar med menneske me har masse til felles med, men som tilhøyrer ei anna aldersgruppe enn den me sjølve identifiserer oss med? Det får vera dagens strøtanke.

Då eg var lita og lytta engasjert til «Barnetimen for de minste» i halv ni tida kvar einaste morgon lærde me mange fine songar av tantane og onklane i barnetimen. Ein av dei var slik: «Det finnes gutter, det finnes jenter, det finnes damer og menn, men alle er de mennesker som du kan ha som venn»… Ein slik song ville vel ingen ansvarlege vaksne lært bort til små barn i dag utan å samtidig gi dei beskjed om å ikkje ta det heilt bokstaveleg fordi det finst menneske dei ikkje bør bli venn med… Sidan eg sjølv slapp heilskinna ut av barndomen min, kan eg kanskje vera glad for å ha blitt oppdradd til det ein kunne kalla naiviteten frå ei anna tid. Eg vel framleis å stola nokså blindt på dei fleste eg møter og stort sett har alle vore tilliten verdige så langt.

I år har eg lyst til å vera litt raus med dikt og andre typer tekstar når eg diktar. Eg tek med meg eit mormordikt på tampen, sidan det er eit tema eg har vore innom i dag.

The fact that I will love you till I die

Eg et is med ho som snart skal fylla tre,
me smiler til kvarandre

Katie Melua syng frå radioen
om ni millionar syklar i Beijing
and the fact that I will love you till I die,

medan tida renn ubønhøyrleg forbi.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget