Gå til innhald

Halda fast i dei gode tinga

mai 5, 2024

Kvar kveld plar eg slutta dagen med å tenkja over kva eg er takknemleg for i dag, og å takka for dei gode tinga. Biletet over er frå Astrid si stove i går, jordbær og kvitveis høyrer absolutt til dei gode tinga som gir glede. Først når eg limer inn biletet her i forstørra utgåve, ser eg at kvitveisen her ikkje er vanleg kvitveis som dei me finn i skogen. Kanskje det er kvitveis likevel? Ein hagevariant? Fine er dei i alle fall.

Dagen i dag har bore med seg fine ting og. Det har blitt så grønt ute og frukttre er i bløming over alt.
Me starta dagen med katolsk gudsteneste i Stavanger. Leif er blitt så glad i katolske gudstenester, og sidan eg ikkje hadde nokre oppgåver heime på Bryne i dag, så reiste eg i lag med han.

I kveld var me på ein flott konsert i Brynekyrkja, det var ein munnspelkonsert med Sigmund Groven, Georg Pollestad, Alexander Borlaug og japanske Shima Kobayashi. Dei spelte i lag med den engelske pianisten Andrew Melvin. Det var full kyrkje og stor begeistring. Det er noko med munnspelmusikk som går rett til hjartet på meg. Kanskje det er den litt vemodige, såre og sarte tonen?

Då eg og Bjarte laga salmer til salmekonkurransen var tangoen eg la ut den andre dagen hjartebarnet mitt. Det var ein tekst eg har tenkt på i meir enn to år at eg ville skriva. Så dukka det opp ein tekst til som
eg bare plutseleg fekk behov for å skriva. Eg skreiv han ned på sånn ca ti- femten minutt, og valde å ikkje forandra på noko. Det eg ville prøva på var ein salme for dei gongene me nesten ikkje finn dei fine tinga fordi verda er vanskeleg og komplisert. Det kan vera når noko uventa og vondt hender, eller når heile verda er i ferd med å gå av hengslene og ein ikkje heilt fattar korleis ein skal klara å gjera noko med det.

Eg ville prøva å skrella teksten ned til beinet, bare bruka dei mest nødvendige orda utan pynt og dekor. Eg ville at teksten skulle vera den bøna me har att til Gud når verden nesten rasar saman. Den songen dei heldige av oss som trur at Gud finst kan synga med det me har att av håp, og den songen dei som ikkje trur på Gud likevel kan hekta stemmen sin på bare for å kunna klamra seg til det at nokon framleis har håp. Nå smører eg viss tjukt på, men det hender då at me kan ha bruk for slike tekstar. Eg ville ha ein enkel song og ein enkel melodi som ein kunne stå ute i regnet og vinden å synga i store flokkar, eller som ein kunne synga stille frå kyrkjebenken i ei nesten tom kyrkje. Litt sånn «We shall overcome-aktig.
Eg tenkte at det kanskje var slike salmar me kunne trenga nå.

Eg ser at teksten er så enkel at noko grenser til klisjeane. Kanskje eg burde ha pussa litt på den første tekstversjonen som ramla meg inn, men eg valde å ikkje gjera det. Bjarte brukte og veldig kort tid på å koma opp med ein melodi.

I kveld byr eg på både tekst og melodi med løyve frå Bjarte. Kanskje nokon har bruk for akkurat desse orda i kveld. Eg takkar og vår veldig flinke arrangør Ernst Th Monsen, og gospelkoret Abraham som hjalp oss med å synga teksten slik at me fekk ei demofil å levera til jurien. Godt jobba, alle saman.

Kom livets Gud og fyll oss med din fred,
med mot og tillit, og med kloke tankar,
så me kan stå i alt det som skal skje,
og vera nær der redde hjarte bankar.

Kom Jesus Krist og fyll oss heilt med deg,
så me kan bera kjærleik ut til jorda,
så me kan bringa håp og finna veg,
så me kan finna kjærleiken og orda.

Kom Heilag Ande, fyll oss med ditt mot,
så me kan stå i uro sorg og sinne.
Så me kan tru når mismotet slår rot,
og alle tankar famlar rundt i blinde.

Kom fyll oss alle dine redde, små.
Gi kraft til dine barn som frys her nede.
Gi mot til oss som ikkje kan forstå
Så me kan bera ut di trøyst og glede.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget