Grønt fokus…

… og i dette tilfellet rosa og. Me hadde mange slike fantastisk fine japanske kirsebærtre utanfor Bryne skule. Ein del forsvann under renoveringa av uteområdet for nokre år sidan, men heldigvis får me framleis med oss denne fantastiske bløminga ei kort veke i mai kvart år. Som eit gammalt japansk haikudikt seier : «Mangt minnest eit menneske når kirsebærtreet blømer». Vårt eige kirsebærtre blømer det og, i kvitt i vårt tilfelle. Det er og utruleg fint ei veke kvart år. Då får det heller vera at kirsebæra er små og sure.
I dag har eg vore på møte i utvalet for grøn kyrkjelyd. Det er eit utval eg er så glad for å vera med i, for det er så entusiastiske og flinke folk der. Vegen frå ideen om ei blomstereng utanfor kyrkja til det punktet der det er lagt ned eit stort arbeid med bearbeiding av jord til og med såing av innsamla lokale frø, vart forbausande kort. Eg er så glad for å høyra til i ei kyrkje som har fokus på å vera med på å verna jorda og visa ansvar i forhold til ei truand klimakatastrofe. Eg synest og det er viktig at me er med som aktørar i den lokale klimakampen.
Det er spennande å kunna fortelja at dette året skal me delta på «Jorddøgnfestivalen», som er ein lokal litteraturfestival tilleigna jordbruk og natur. I dag la me planar for ei jordmesse me skal arrangera i kyrkja i lag med Jorddøgnkomiteen. Messa vil vera ein del av festivalen og finna stad ein sundag i november. Den skal kanskje få tittelen «Ærefrykt for jorda». Det blir ein annleis gudsteneste med påfylgjande litterær og teologisk samtale og eit felles måltid. Eg kjem nærare tilbake til dette når eg veit meir. Eg gledar meg til å jobba vidare med ideane.
Noko anna som har løfta dagen min i dag er det kreative samarbeidet som bare fortset og fortset etter salmeverkstaden på Lia gård. Eg var der som rettleiar, men prøvde å skriva eg og. på same måten som dei andre som var der. Salmeteksten under er ein tekst i skjeringspunktet mellom salme og vise. I Danmark har dei mange slike salmar. Mi salmesyster Ingrid Brækken Mjelve har og ei fantastisk salme i det eg opplever som same sjangeren. Den la eg ut tidlegare. Eg vart veldig inspirert til å skriva noko i same gata. Teksten under er skriven i løpet av nokre ettermiddagstimar, og tidleg neste morgon hadde han fått ein nydeleg melodi komponert av Arne Martin Aandstad. I dag fekk eg tekst og melodi på lydfil frå han. Han er raus nok til å la meg få lov til dela lydfila her for at de skal få høyra kor fint det er, men han understrekjer at dette er eit veldig enkelt opptak laga heime. Teksten handlar om tidleg vår og eit håp om sommar. Ei kyrkje står der og held håpet oppe ein blåsande og regnfull sundag.
Regnet slår på tromme
Regnet slår på tromme, vinden spelar på trompet,
og vintertrea dansar vals i hagen.
Mørket bit seg fast, men lyset vinn sin kamp til slutt,
den jagar natta vekk og startar dagen.
Ein svarttrost kvitrar modig i eit skogholt like ved
velsigning over dagar som er vrange.
Det er framleis tidleg vår, men snart må vinteren gi tapt
om kalde netter framleis gjer seg lange.
I trass og tillit ringer kyrkjeklokker i vår by,
for det er sundag, snart skal orgeltonar
løfta tusen stemmar, tusen rop i takk og sorg,
og bøner som stig opp i millionar:
Så ver her Gud, for oss som ber og ikkje alltid trur,
hald dine hender vernande rundt jorda.
Sjå til oss, dine barn, som virrar rundt og søkjer håp,
og ikkje alltid finn dei rette orda.
Ein sundag ligg og speglar seg i himmel sveipt i grått,
og vinden pustar tungt i tome gater.
Ei due et ein brødskalk nokon gjekk i frå i går,
og regnet vaskar glorete plakater.
Og menneske kan føla seg litt einsame og små,
men ber på frø av håp i sine lommar.
Det hender at dei gløymer at alt stort har vore smått,
og gløymer at av vårar blir det sommar.
Ver hos oss, Gud, mens dagen seglar vegen sin mot vest.
Ver hos oss, Gud, når håpet vil forsvinna.
Og la oss tru at livet sigrar over død til slutt,
få tru at lyset er her for å vinna.
La svarttrosten få synga trassig song i regn og vind,
med salmetonar modige og såre,
så sommaren kan koma snart med livsmot og med tru,
og stryka mildt si trøyst mot liva våre.
Heidi