13.mai

Ein klovn, ei dedikert og sjarmerande godt vaksen dame på veg til jobb med raud koffert, og ein blå vase med solgule lett visnande, ville tulipanar pyntar kommoden i stova mi. Ekstra observante observatørar kan og skimta eit fint keramikkors som eg ein gong fekk i gåve frå ei som hadde kjøpt det hos ein keramikar i utlandet ein plass.
Klovnen og den andre skulpturen er og gåver, sjølv om eg har kjøpt den siste sjølv for pengar eg fekk då eg fylde seksti. Det er mange år sidan eg fall pladask for desse skulpturane, som i mine auge er sjarmerande, rørande og flotte. Eg har etterkvart forstått at eg ikkje kan gå ut i frå at min kunstsmak utan vidare kommuniserer med andre sin. Då eg var med i innkjøpskomiteen i den kommunale kunstforeininga, fekk eg ikkje ei einaste sjel med på å kjøpa ein slik til kunstlotteriet. Heldigvis fekk eg lokka dei eg deler hus med med på å la ein av dei få ein god heim hos meg.
I kveld hadde eg store planar om å skriva bloggen min før møtet eg skulle på klokka halv åtte, men det nådde eg ikkje fordi eg måtte ordna opp i litt forskjellig, og så måtte eg bruka ganske lang tid på å leita fram mappa med det eg skulle ha med. Eg trudde eg visste kor eg hadde det, men arbeidshaugane på skrivebordet mitt er for tida høgare enn kva godt er.
Då eg sykla heim frå møtet i diakoniutvalet i kveld klokka halv ti og tenkte på kva eg skulle skriva om, vart beslutninga av det fromme slaget, kanskje inspirert av kor eg hadde vore dei siste timane. Eg fann ut at eg ville skriva litt om kyrkja mi. Kyrkja på Bryne og kyrkja generelt har eg eit slags kjærleiksforhold til. For meg er det både ein plass eg er heime og ein plass der eg får leggja ned mine puslespelbitar til noko som kan bli eit stort bilete. For tida er eg med både i soknerådet, i diakoniutvalet, i gudsteneste og kulturarbeid og i barnearbeidet. Eg gjer alt saman med stor glede sjølv om eg av og til seier til meg sjølv at eg må bli meir selektiv når eg seier ja. Eg kunne for eksempel trengt meir tid til å rydda skrivebordet og luka beda mine.
I trygge hender
Eg vil så veldig gjerne at kyrkja skal vera ein god plass for andre og. Ein plass me som bur på Bryne kan eiga saman med låg terskel og vid døropning. Eg har ein visjon om at det skal vera ein god plass å koma med tvil og tru, sorger og gleder, ein plass der det er rom for det store mangslungne livet me alle bevegar oss rundt i. Eg tenkjer at i ei verd der me opererer med meiningslaust store militære utgifter, ei truande miljøkrise og ei verd der mange kjenner seg motlause og heimlause hadde me trengt ein katedral for håp og livsmot, ein stad der me kunne få fornya tilliten til livet og til at det gode er sterkare enn det vonde. Ein slik stad drøymer eg om at kyrkja skal vera. For meg er det langt på veg slik det kjennest, men det er ein erfaring eg gjerne skulle dela med mange fleire.
Eg veit veldig godt at kyrkja består av feilbarlege menneske, at det er gjort mykje dumt i Guds namn og
at kyrkja ofte er sett på som ein plass der det er lettare å dømma enn å lytta, lettare å lukka auga enn å sjå og høyra og lettare å vera seg sjølv nok enn å vera opne og inkluderande.
I vår tid er det blitt slik at me nesten er sjenerte for å snakka om tru og livssyn. Det kan virka som om det er lettare å visa seg naken på TV og lettare å snakka om intime følelsar enn å snakka om truserfaringar. Likevel har eg oppdaga at veldig mange er opne for mykje, det er bare sjeldan at ein snakkar om det. For nokre år sidan kom det ei bok og ein film med tittelen «Eat, pray, love», betegnande nok vart den norske tittelen «Spis elsk lev». Ordet bøn kjendest kanskje litt for klamt ut på norsk? Hovudpersonen legg ut på ei reise for å finna fred i sjela, og søkjer mellom anna på ulike religiøse arenaar. Eg la merke til at hovudpersonen mot slutten av boka sa noko om at ikkje før ho kom heim hadde det slått henne at ein del av dei erfaringane ho søkte kunne ho kanskje like godt ha funne i den lokale kyrkja nede på hjørnet.
Nå må eg skunda meg å fortelja at eg står i ein viss fare for å gjera forfattaren urett, for det er lenge sidan eg las boka og siterer etter minnet.
Eg sluttar med eit dikt eg skreiv ein gong for lenge sidan. Det passar inn her.
Eg lener meg mot ei ufullkomen kyrkje
ei sprikande kyrkje med lange armar.
Som barnet som framleis bare veit om tillit
vil eg lena meg bakover
til eg ser himmelen lysna
til ein ubekymra lett blåfarge
over tårna på katedralar og arbeidskyrkjer,
og kjenna at me er i trygge hender
kyrkja mi og eg.
*
Eg tek og med ei bøn eg skreiv til kveldsgudstenesta i går:
Tilgi oss Gud,
sjå til dine snublande
som for ofte skjøner for lite,
som liker å driva med i flokken
utan å tenkja sjølv,
Tilgi oss som ofte trur me har rett,
som om me sjølve har skrive fasiten.
Tilgi oss
for å tru me veit alt om miskunn,
for å tru at me kjenner nåden,
og har monopol på premissene for rett og galt.
Tilgi oss
for overmodige arrogante ord,
frå våre alt for store munnar,
og vår fråverande sjølvinnsikt.
Tilgi oss for vår manglande evne
til å praktisera nestekjærleik,
og fordi me ikkje ofte evnar
sjølv om me prøver så godt me kan
å skilja lys frå mørke.
Heidi