Gå til innhald

Avskjed med Sigvald

mai 14, 2024
I dag var himmelen høg og himmelblå over jærlandskapet. Utanfor Time kyrkje ruska sommarvindane så pass kraftig i dei nyutsprungne grøne trekronene at det var vanskeleg å høyra kva presten sa. Me stod der i sommarkjolar og mørke dressar og kjende at vinden strauk oss ganske merkbart, men ikkje uvennleg over hår og ansikt.

I dei fleste av mine år på Bryne skule har eg jobba i lag med Sigvald Frøiland. I dei meste av desse åra var han inspektør og altså ein av sjefane mine. Han var ein fantastisk mann å jobba i lag med, han såg positivt på ting, hadde eit godt lag med menneska bak lærartitlane og eit varmt hjarte for elevane.
Glimtet han alltid hadde i auget kunne avvæpna det meste, og få oss til å le midt i dei mest absurde situasjonane. Han såg stort på ting, og trudde at det måtte finnast ei løysing på det meste, noko han hadde heilt rett i. I minst eitt av mine sårbare og mest utfordrande læraraugneblikk sa han akkurat dei orda eg trengte å høyra, og som gjorde at eg retta ryggen og kunne pusta fritt igjen.

Me var samla i Timekyrkja for å minnast eit godt menneske, og for å ta ein verdig avskjed med han og med ein epoke på Bryne skule. Solisten song om ein farfar i livet og «viss eg ser ein liten fuggel som fyke lavt på gyldne vinger, då plokk`eg an opp med mine hender.» Den siste songen som er av Vamp har eg brukt så mykje som morgonmusikk i klasseromet at elevane er gått passe leie av han. For meg er det ein song som handlar om omsorg og om å ta vare på det vernlause og sårbare. Det er gode tankar å minna seg sjølv om i tidlege søvnige morgontimar.

«Det finst ein klang i malm og løv
som seie alt ska bli te støv,
som nattens rov ska alt bli glømt,
av denna lov e alle dømt.

Så føre vinden deg av sted,
når minnet ditt e lyst i fred,
det finst ei trøst, det finst ei havn,
for kver ein savna kvert eit navn»

Så song me saman Amazing grace og å leva det er å elska det beste di sjel fekk nå. Barnebarna fortalde om ein varm og tålmodig farfar og presten snakka fint om å bla i den store livsminneboka.

I kyrkjebenkjene sat mange av dei eg jobba saman med i mange år og som nå er pensjonistar, nokre av dei har vore det ganske lenge. Eg tenkte med vemod på kor fint me hadde det i lag, og kor heldig eg er som har fått jobba så lenge på akkurat denne skulen der eg har fått brukt heile meg og alt eg måtte ha av det som skal til for å leva eit liv i skulen. Eg tenkte på at eg har vore uvanleg heldig. Det har verkeleg vore ein stad der me saman har opplevd svært mykje medan læreplanpendelen har svinga fram og tilbake. Bryne skule har verkeleg hatt sjel, og i dei åra der me alle hadde større råderett over det meste, opplevde me ei uvanleg grad av fritt albuerom og aksept for å prøva ut alt me måtte tru på av pedagogikk og kreative prosessar. Eg tenkjer på alle dei fine folka eg har jobba med og tenkjer at oss, akkurat oss var det som fekk stå i dette saman og oppleva akkurat det me var med på å oppleva saman.

Dei fleste eg har jobba saman med er ikkje på Bryne skule lenger, men framleis er klasseroma, arbeidsroma og gangane fulle av fine folk. Forskjellen er bare at nå er det eg som er den eldste og ikkje ein av dei unge og entusiastiske som kan flyta litt på andre sine erfaringar. Eg skal ikkje gi meg heilt endå, men eg fattar ikkje at det har gått nesten 38 år sidan eg første gongen kom inn som vikar med ein baby heime som var tre- fire månadar gammal, for lange barselspermisjonar fantest det ikkje på den tida. Lite visste eg då om at eg aldri skulle gå vidare til andre skular. «Her skulle eg bli verande all min dag», som Tarjei Vesaas skriv om i bøkene om Per Bufast. Eg meiner presten sa at Sigvald hadde arbeidd i 42 år på Bryne skule. Sjølv om eg nærmar meg, så skal det nok noko til å slå den rekorden. Eg har begynt å tru på det gamle folk seier om at ein er den same som før på innsida. Sjølv gløymer eg heile tida at eg har gått hen og blitt den gamle dama på jobb, og det er kanskje like greitt, for slike tankar treng ein ikkje å bruka alt for mykje krefter på.

Du fekk ein vakker dag til di siste ferd, Sigvald. Rettare kunne det ikkje bli når så gale skulle vera.

I dag fekk eg lyst til å avrunda med dei siste versa på jærsalmen eg skreiv for lenge sidan. Vidar Kenneth Johansen har laga ein fin melodi til, men me har viss aldri heilt klart å fått lansert verken tekst eller melodi. Salmen er bygd opp rundt årstidene her på Jæren, og sjølv om me framleis bare er i mai månad tek eg med sommarverset og haustverset:

Sommarvindar stryk om jorda,
kjælar blidt med gras og strå,
trea raslar lette rytmar,
grønt i sommarspelet nå.
Vind frå aust og vind frå sør
dansar mjukt som aldri før
kviskrar lågt i moll for jorda
der kor bare føter trør.

Når ein dag med gule åkrar
mogne raunbær, haust og lyng
me skal møta siste kvelden
medan nordavinden syng,
skal me takka før me går
deg som gav oss dag og år,
takka deg som skapte livet
skapte oss til haust og vår.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget