Gå til innhald

For alt som ein gong var

mai 22, 2024

Denne rare og fine kjensla av å høyra saman med nokon du nesten hadde gløymt at du høyrer saman med er noko som av og til innhentar meg på ein uventa måte.

I dag var me i kyrkja på Ålgård for å ta farvel med mi tante Ada. Då me kom inn i kyrkja var det fin musikk, og det blei vist lysbilete med bilete frå eit levd menneskeliv. Eg blei teken med til stova til farmor og farfar, eg vart minna om kor søte syskenbarna mine var då dei var små, og om korleis livet såg ut på sytti – og åttitalet. Eg kjende igjen menneska, smila og tider som har gått forbi og ikkje er her lenger.

Onkel Harald var den glade onkelen som gjekk på gymnaset på Bryne, budde på hybel og ofte var innom oss då eg og broren min var små. Eg hugsar då me var hos farmor og han kom på besøk med studiekameratar frå NTH og dei var vaksne og ungdomar på same tida og lo av alt.

Tante Ada frå Vardø var den som introduserte den eksotiske retten pizza for oss i Solåsvegen ein gong for lenge sidan. Dei hadde budd lenge i utlandet og var komne heim på besøk hos oss og hadde blitt kjende med rettar i frå den store verda. Far min, som skulle til byen i anleding eit eller anna med jobben fekk i oppdrag å prøva å få tak i ein paprika. Den slags eksotiske grønsakar hadde dei ikkje på forbruken på Ålgård. Han kom fram med utført oppdrag, ein knallgrøn paprika som skulle pryda den aller første pizzaen nokon i familien min hadde smakt.

Då eg var atten, eller var det kanskje sytten, reiste eg og Anne Mette til Aberdeen for å besøkja Ada og Harald som budde der ein periode. Me vart tekne svært godt i mot og tekne med på sightseeingturar og familieliv. Syskenbarna mine, i alle fall Hilde hadde lært seg å snakka engelsk med skotske r-ar noko som gjorde inntrykk. Lars Helge, Hilde og Håvard var yngre enn oss, og det å ha yngre syskenbarn syntest eg alltid var så kjekt. Me hadde tre på Ålgård og fem i Grimstad. Etterkvart flytta dei av syskenbarna mine som hadde hatt store deler av oppveksten i USA heim til Norge. Det var stor stas å visa fram ekte amerikanske syskenbarn til dei andre ungane på Solås. Gutane hadde til og med med seg baseballutstyr og sette i gang baseballkamp i akebakken heime. Etterkvart fekk me tre små syskenbarn i Vats og. Dei var så pass mykje yngre enn oss at eg hadde rukke å få to barn sjølv før den yngste vart fødd.

Akkurat som på klassefesten hadde eg i dag ein litt uventa følelse av at desse folka høyrer eg heime saman med. Det var fint å sjå syskenbarn, onklar og tante igjen. Det er litt trist at det ofte blir triste situasjonar som fører oss saman, men i fjor klarte me å få til eit koseleg slektstreff på garden der farfaren min vaks opp, og det nest eldste syskenbarnet mitt bur nå.

Det vart ein fin avskjedssermoni. Ada hadde hatt Alzheimers i 12-13 år, ein brutal sjukdom som stel meir og meir av eit menneskeliv. Eg sender varme tankar i dag til Harald, Lars Helge, Hilde og Håvard. Det var fint å få ha desse timane i lag med dykk.

Ein av tekstane som vart lesne i kyrkja i dag var teksten om at det finst tider for glede og tider for sorg.
Eg har laga ein salme ein gong i lag med Hilde Svela med denne teksten som utgangspunkt. Eg limer inn ei lenke til denne. Måtte me ta i mot tidene våre og gjera dei om til noko fint kvar gong me kan.

https://www.google.com/search?q=det+finnest+ei+tid+Hilde+Svela+youtube&rlz=1C5CHFA_enNO893NO893&oq=det+finnest+ei+tid+Hilde+Svela+youtube&aqs=chrome..69i57j0i546i649j0i512i546j0i546i649l2.20902j0j4&sourceid=chrome&ie=UTF-8#fpstate=ive&vld=cid:b44d5d2b,vid:nxAUOG83940,st:0

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget