Framleis stas

Eg kan like godt innrømma det. Det er framleis stas å fylla år sjølv etter at ein har bikka 60 og andre usannsynleg høge tal. Det er koseleg å vakna, gripa etter mobilen og få dei første helsingane frå slekt og venner. Det er ikkje så verst å få kaffi, bokgave og gode ord på senga heller.
Veret var framleis varmt og nydeleg. Det passa godt, for føremiddagen på sjette trinn var sett av til orienteringsløp i Sandtangen. Dei sprang to og to med kart og skulle finna ti postar i ein stjerneformasjon. Nokre av oss vaksne sat på ein benk midt i området og gav dei nye utfordringar kvar gong dei kom tilbake og hadde funne ein post. Det var ei ganske behageleg pedagogoppgåve i det fine solskinet. Eg tenkjer ofte på kor fint det er at me vaksne på trinnet har ulike styrker og interesser. Hadde eg hatt eineansvar på trinnet kunne det fort ha skjedd at både orientering, programmering og turnopplæring kunne fått ganske stemoderlege forhold sjølv om det står oppførd i dei læreplanane me er forplikta på. Det hender eg tenkjer at elevane våre får eit ganske breitt samla undervisningstilbod. Sjølvsagt hender det og at eg blir litt sliten når eg tenkjer på alt det me optimalt sett helst skulle fått til, men med positivt fokus trur eg ikkje at barna i dagens skule har det så verst. I alle fall ikkje på dagar i mai der sola skin og dei får vera ute og ha det kjekt.
Ettermiddagen gjekk med til å førebu og øva på forestillinga me skal visa for dei andre elevane på skulen den nest siste skuleveka. Det fylde meg plutseleg med skikkeleg gladkjensle å sjå rundt 60 sjetteklassingar dansa og synga av full hals: «Here comes the sun», «Cover me in sunshine,» og andre sommarlåtar med stor entusiasme. Det hender at det plutseleg begynner å svinga skikkeleg av ein skuletime. Det var det absolutt tilløp til i dag. Det vart og ein is på kvar av ungane sidan eg trass alt fylde år i dag, og sidan det var sånn rundt rekna 25 grader ute. Dette er ikkje situasjonar som kryssar kvarandre veldig ofte. For å fylgja opp den første setningen min i dag, det er rett og slett ganske hyggeleg når så mange elevar og kolleger kjem for å gratulera med dagen og gi gode klemmar.
Etter skuletid spurta eg heim på sykkelen. Heime hadde Leif laga brokkolisalat, bakt rundstykke og steikt karbonadar. Me hadde kjøpt is og jordbær, som smakte nesten som dei norske, og mor og far kom med rabarbragrøt, kake og wienerbrød. Så hadde den næraste storfamilien felles middag i eit hus som ikkje var heilt rydda etter dei to forrige helgebesøka, men pytt, pytt… Medan me åt opna himmelen seg, og regnet auste ned. Etter veker med fint, varmt og tørt ver var det faktisk ganske forfriskande og deilig, men me håpar at finveret kjem tilbake, og at sommaren ikkje er over for i år.

I dag hadde eg eit kjekt oppdrag. Eg fekk vera med og opna kunstutstillinga til Sissel på Frida Hansens hus i Stavanger. Sissel har utvikla sin eigen teknikk der ho lagar collagar basert på serviettpapir. Det er og grunnlaget for bordpynten over. Eg var invitert til å lesa nokre dikt og seia litt om utstillinga. Eg tenkte eg kunne la dei som har lyst få lov til å lesa det eg hadde skrive for denne hendinga. Eg håpar det gir nokon lyst til å ta turen dit, for bileta er verkeleg fine.
*
Til opning av kunstutstillinga
Pust av himmel av Sissel Ruud
Men bileta til Sissel er mykje meir enn restar av gamle serviettar. På ein del av bileta kan ein i glimt ana det nokre av serviettane sitt tidlegare livet som serviett, i andre er det heilt umogleg å sjå som det er umogleg å kjenna igjen larven i sommarfuglen. I sitt nye liv er dei blitt solsikker, lys i mørke, myrull, vår, vinter og jærlandskap og andre fine motiv som me som er glade i landskapet vårt og naturen kan finna ro og glede i. I bileta er det både lys og mørke. Dei er Sissel sine forteljingar som ho vil dela med oss i dag. Nå skal de snart få nyta pust av himmel. Det kan gjera godt å bli pusta på. Då Gud laga det første mennesket av jord la han seg på kne og pusta det inn i nasen slik at det kunne pusta sjølv. Me som bur her me bur har blitt pusta på av både kalde nordavindar og varme sommarvindar og veit at det er energi i begge variantane.
I denne utstillinga er det både streif av himmel og stenk av jord som det står i ein salme. Livet består av begge
delar. Eg synest det er mykje ro og trøyst og i desse bileta og ro og trøyst er noko me kan trenga.Trøysta ligg i lufta
Trøysta ligg i lufta,
ho dirrar i trøystens dal,
alt er mjukt og fullt av mild skodde, lukt av bjørkeblad,
mose, vintereple og kvitt lav.
Godt å bare vera der.
Så kan me ta fjelltoppane ein annan dag.

Det var fint å vera i Frida Hansens hus. Vel heime att hadde eg tid til å lesa dei gilde helsingane på mobilen og svara på dei. Intensjonane mine er å svara på alle saman, men eg rakk ikkje alt i kveld. Dersom nokon har send ei helsing dei ikkje har fått svar på, takkar eg her og nå. Ein kan seia mykje rart om facebook, men dei er ganske gode på bursdagar.
Og snart renn 23.mai ut i havet av tid som er over, ser eg. Eg trur det er sånn ca akkurat passe at den datoen dukkar opp med tolv månadars mellomrom.
Heidi