Å bare stå i sommarregn

I kveld har eg to små jenter på overnatting. Dei søv fredeleg i sengene sine, men eg veit at dei pleier å vakna grytidleg om morgonen, så eg gjer lurt i å koma meg i seng sjølv og om ikkje så alt for lenge. Me har først vore på Jærdagen, ein stor årleg marknad i Bryne, der det var så masse folk at me måtte gi opp øverste delen av Storgata og området rundt torget. Eg og Ingrid var einige om at det var kjekt å ha vore der, men eigentleg meir fredeleg å koma seg heim.
Eg sykla heim og skulle innom butikken for å handla med meg litt mat til helga. Då eg kom ut hadde det regna og det lukta sånn godt av gras, varm asfalt, jord og syrinar som det gjer når det regnar på denne årstida. Eg sykla heim i lett regn med den eine bereposen på styret fordi sykkelveskene var fulle. Halvvegs heime begynte posen å sprekka opp, og eg sykla så fort eg kunne og håpa eg skulle koma meg heim før is, risgraut, brød og eplejus hamna på bakken. Denne gongen gjekk det bra. Det er fint å ha flaks ein gong i mellom.
Eg nådde akkurat inn i gardsromet før overnattingsgjestene kom. Eldstejenta hadde med seg fleire heimelaga og litt forsinka bursdagspresangar til meg. Eg fekk eit lite maleri på lerret og eit risteglas med vatn, olje og glitter som laga fine effektar når me rista på det. Ho fortalde meg at synet av boblene i vatnet når glaset vart rista var veldig beroligande, og at ein sovna fortare dersom ein såg på det når ein hadde lagt seg. Kanskje eg får prøva i kveld?
Etter at me hadde ete litt middag ville jentene ut i den fine lyse sommarettarmiddagen, for det hadde for lengst slutta å regna. Me gjekk til leikeplassen i barnehagen like ved, og der møtte me ei jente som gjekk i første klasse i Stavanger som og var på overnattingsbesøk hos besteforeldre. Det er fascinerande å sjå korleis barn blir kjende med kvarandre: Først observerer dei kvarandre, så nærmar dei seg kvarandre liksom litt tilfeldig. Neste skritt er å leika ved sida av kvarandre, og plutseleg leikar dei i saman som om dei hadde kjend kvarandre alltid. Den nye jenta hadde med seg ein smilande og leiken farfar som leika gøymeleiken med alle dei tre jentene, og dei hadde det kjempekjekt i lag. Eg ser at me vaksne har litt å læra. Me var der heilt til det var på tide med laurdagsgodt og barne-TV og til regnet begynte å smådrypa igjen.
Den gode kjensla av sommarregn ein fin dag fekk meg til å tenkja på ein tekst eg skreiv for ganske lenge sidan. Eg trur det må ha vore på siste halvdelen av 90-talet. Frå Ålgård jentekor fekk eg ein spennande forespørsel om eg kunne tenkja meg å skriva ein konsert til dei i samarbeid med Sigvald Tveit. Eg vart i først omgang det som ein nå kallar star-struck og ganske sjenert overfor min langt meir rutinerte samarbeidspartnar. Men etterkvart vart samarbeidet ei veldig positiv oppleving og konserten vart fin. Dessverre har ein del av notene forsvunne, men eg har nok eit konsertopptak på kassett eller brend CD-plate ein eller annan plass.
Av alt eg har skrive av tekstar opp gjennom åra, det har etterkvart blitt veldig mange, er det nokre eg er spesielt glad i. Den teksten eg har lyst til å dela i dag er ein av dei. I konserten var dette eit solonummer, eg meiner bestemt at det var Eir Inderhaug som song han som innleigd stjernesolist. Eg synest i grunnen at det er litt trist at denne songen ikkje har blitt brukt. Eg kjenner etterkvart så mange dyktige komponistar, så viss nokon får lyst eller føler seg kalla til å laga ein ny melodi til denne songen, så ville eg blitt glad. Eg tenkjer meg ein roleg og enkel melodi med fred og sommar i. Kanskje litt inspirert av svenske folketonar? Her er teksten i alle fall. Eg synest at han står seg utan melodi og, eg har lese han opp fleire gonger når eg har hatt diktprogram ein eller annan stad. For meg som vestlending er sommarregn ein viktig del av sommaren. Regnet i teksten kjem aleine utan den iskalde nordvesten som gjer at ein må koma seg inn for å få på regntøy og støvlar. Her snakkar me om sommarregn som kjem rett ned, og ein temperatur som gjer at ein kan kosta på seg å stå der, midt i dei gode sommarregnluktene og verkeleg bli klissvåt…
Å bare stå i sommarregn
Å bare stå i sommarregn, med håret tungt og vått,
å bare stå og vera til, og kjenna det er godt.
Når dagen angar bjørk og pors og rosmarin og jord.
og alt du veit er sommaren med song i sine spor.
Å bare vera sterk og fri, og levande og glad.
Å sjå at vinden leiker blidt med grøne bjørkeblad.
Å stå og frysa lite grann, men stå slik likevel.
Å vera song og liv og lengt når det er seint på kveld.
Å stå og kjenna dette att, du kjenner i frå før
ein annan sommar, annan song, ei anna open dør.
Ein bris, ein song, eit bølgeskvulp og varme enkle ord.
Eit anna barn som var deg sjølv, ei tåre og ei mor.
*
Å bare stå i sommarregn, med tankar og med tid,
ein seljefløytetone, og ein mygg på handa di,
ein måne bak ei sommarsky, eit skip langt ut frå land
eit gammalt eventyr du kan, ein melodi du fann.
Du kjenner at Gud skapte deg av mold og lengt og song,
at sommarregn og lukt av gras var noko som du trong.
Med bare bein på heilag grunn, ein sommar går forbi,
ein fløytetone stemd i moll mot sommarsjela di.
Heidi