Gå til innhald

Menneske av pust og jord

mai 26, 2024

Å ha to små overnattingsgjester er alltid eit sprell levande prosjekt. Yngstejenta er eit modig individ når det gjeld klatring og fysiske utfordringar. Ho er heller aldri redd for å seia si klare meining om ting, men ho har ein uforklarleg frykt for dyr. Sjølv om ho var van med katten vår frå ho var fødd og hadde sett han til dels fleire gonger i veka heile livet, skreik ho som ein stukken gris når han kom inn i rommet ho var i, og insisterte på å berast av ein vaksen viss ho måtte passera det fredelege dyret. Det gjer det litt enklare for henne at katten ikkje er her lenger. Som ho sjølv så lyrisk uttrykkjer det: «Cleo kviler så fint i grava si.» At det blir sagt med eit lite lettelsens smil om munnen får me heller tilgi henne.

Det siste fryktobjektet er fluer. Ho har fått for seg at fluer er kjempeskumle og hyler høgt når ho ser ei, til trass for alle forsikringane ho har fått om at dei er fredelege, snille og ganske koselege. Storesyster har heile livet synest at insekt og småkryp er spennande. Ho har fanga dei i boksar for å studera dei med forstørringsglas, og kjem gjerne berande med eit skrukketroll for at me skal sjå nærare på det. Ho er litt oppgitt over veslesyster sitt dramatiske talent. I går hadde ho ein litterær tittel klar: «Mormor, eg veit kva boka skal heita om me skal skriva ei bok om henne, – Verdens reddaste menneske…» Etter litt diskusjon var me einige om at redd bare stemmer viss det handlar om dyr, så kanskje tittelen likevel ikkje er heilt dekkjanda.

Dei la seg greitt til å sova i går kveld, men minstejenta vakna utpå natta og følte seg ikkje i form, så det vart nokre rundar med trøysting og småprat. Heldigvis var ho god som ny då morgonen kom. Eldstejenta kom og inn ein gong utpå natta for å fortelja at ho hadde mista ei tann. Dessverre var eg for trøytt og omtåka til å forstå at den tanna burde eg ta hand om. På morgonen var det nemleg sorg fordi tanna var borte. Ho hadde sove med ho på hodeputa og høyrt ein liten klikkelyd då tanna datt ned. Det ende med at me nesten måtte demontera dobbelsenga ho hadde sove i og løfta ut botnplatene og madrassar og overmadrass. Heldigvis fann me tanna, ho var heilt etter beskrivelsen veldig spiss og skarp øverst oppe. Nå ligg ho forskriftsmessig i vatn i eit eggeglas på kjøkkenbenken. Bonusen var at me fekk vaska og tørka støv under senga. Eg er redd veslesyster fekk med seg at det var ein edderkopp der, men storesyster trøysta med at han forsvann ut gjennom ein sprekk…

I dag har eg noko eg har gleda meg til å dela med dei som les her. Flinke Torbjørn Dyrud, som var med som rettleiar for komponistane på salmeverkstaden på Lia gård har laga ein nydeleg melodi til ein tekst som eg skreiv då eg kom heim der i frå. Han har send meg ei lydfil som dukka opp som ein gebursdagspresang her om dagen. Eg har fått lov av han til å dela her. Eg synest medarbeidarane mine er veldig generøse. Musikken er ikkje klar på noteark endå, men det skal koma det og. Denne teksten trykte eg nokre av versa på for nokre veker sidan. Her er alle versa, og det er bare å nynna med etter å ha lytta nokre gonger til melodien.

I teksten har eg prøvd å fanga noko om det å vera eit menneske av pust og jord som famlar mellom gåtene i tilveret og vaklar rundt midt mellom det vakre og det vanskelege. Eg har prøvd å fanga essensen i det å leva eit roleg og jordnært menneskeliv og det å faktisk tru at det finst samanhenger me bare delvis skjøner og at det finst opningar inn til alle mysteria me anar og ikkje forstår. Om eg har lukkast i dette er det kanskje ikkje opp til meg å vurdera, men dette var ein fin tekst å skriva.

Sjå til oss Gud, og vis oss veg.

En soloppgang, eit stjerneskot,
på opne havet driv ein båt,
ein vind, eit hav, ei due og ei gåte.
Eit menneske av pust og jord,
ei evig leiting etter ord,
og draumen om ein annan levemåte.

Me lever liva våre her,
veit ikkje alltid kven me er,
men dansar i for store sko og strever.
Me vaklar rundt i tvil og tru,
her er eit eg, her er eit du,
me takkar deg for livet, og me lever.

Sjå til oss Gud, og vis oss veg,
ver hos oss, høyr vår bøn til deg,
når avmakt kastar skuggar som blir lange.
Legg merke ut så me kan sjå
kor vegen er, kor me skal gå
me lengtar etter håp, og me er mange.

Me blandar surdeig, bakar brød,
me plantar tre og sår ut frø,
tar skoa av, trør barbeint over jorda.
Så hender det at me får sjå
mysteria me håpar på,
det hender at me finn dei rette orda.

Ein vår skal bryta fram ein gong,
med grøne blad og takkesong,
la sorg og skrik og bitter urett venda.
Kvart rop, kvar gåte skal få svar,
og me skal skilna alt som var,
i glede, lys og lovsong skal det enda.

Heidi

Lydfil laga av Torbjørn Dyrud

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget