Gå til innhald

Pyser bak rattet

mai 28, 2024

I teorien er det litt fint og veldig akseptabelt at alle menneske har ting dei ikkje er så flinke til. Det gir oss jo moglegheitar til å hjelpa kvarandre, prisa mangfaldet, og ha den gode kjensla av å få til ting nokon andre kan ha glede av å få hjelp til.

Å gleda seg over slikt ein ikkje er flink til sjølv, er kanskje ein større kunst. Sjølv kunne eg, sikkert i likskap med mange andre, fylla ut lange lister med den slags, men nokre manglande ferdigheitar er verre enn andre. Eg lever godt med å ikkje vera flink til å synga, eller vera flink til å byggja hus, reparera syklar og mura murar. Verre er det at eg er ei skikkeleg pyse bak rattet, og unngår bilkjøring så sant det lar seg gjera.

Det fine med det er jo at bilkjøring er noko verda treng mindre av, og som eit innspel i det grøne skiftet er det veldig ofte fint, og dessutan politisk korrekt å bruka sykkel, buss og tog. Det gir heilt sikkert helsegevinst og at eg aldri er frista til å ta bilen viss eg skal ut eit ærend, men at det er upraktisk kan eg ikkje snika meg unna.

Eg har aldri likt å kjøra bil og aldri vore flink til det, så for meg har det aldri vore lystbetont å ta bilen. På den tida eg tok lappen, var det til stor underhaldning i vennekretsen å observera kor mange kjøretimar eg ende opp med å måtta ha. På den tida klarte mange seg med 10-12 timar. Så flytta eg vekk og kjørte ikkje bil på mange år. Likevel, før hende det rett som det var at eg var sjåfør. Med fire barn var det praktisk å vera i stand til å sitja i førarsetet på caravellen ein gong av og til. Eg har til og med minne om at eg har henta folk på Sola flyplass og besøkt ei venninne i Stavanger kommune som sjåfør i eigen bil, men det var lenge sidan.

I dei siste åra har eg ein og annan gong kjørt bilen til kyrkja viss eg skal ha mykje med meg, og kanskje kjørt utanfor kommunegrensene 3-4 gonger kvart år. Dei gongene eg har følt at eg har måtta ta bilen og kjøra ut av mine snevre komfortsoner, har eg grua meg i dagevis og kjørt bilen med høge skuldre og høg puls. Kvar gong det har vore «utbetring» på ein vegstrekning, eller kome ei ny rundkjøring ein plass, blir det mindre fristande å kjøra den vegen. Det gjer at kjørekartet mitt har skrumpa inn.

Barna mine kan vitna om at dei gongene det var vår tur til å kjøra til ei handballturnering på Nærbø, og Leif var bortreist slik at eg måtte steppa inn, så kom deler av laget for seint til kampen fordi eg var blitt liggjande bak ein traktor eller ikkje fann Nærbøhallen. Eldstejenta hugsar og sikkert med ein framleis merkbar frustrasjon den gongen me var på grilltur med klassen hennar og foreldra deira på Holmavatn. Eg møtte opp kjempetidleg for å kjøra dit i kolonne med dei andre, men før me nådde Timekyrkja hadde alle kjørt forbi oss… Me strevde så lenge med å finna vegen at grillane var kalde før me kom fram. Dette var før mobilar og gps…

Det er fint å vera idealist og reisa kollektivt, men eg har vridd meg som ein orm av og til når ein kollega seier: «Viss me lærarar kjører kvar vår bil, treng me ikkje mange foreldre med bil for å koma oss dit». Etterkvart har eg klart å gi beskjed om at dei nok ikkje kan rekna med min bil på slike turar. Eg reknar med at eg framleis har elevar som kan fortelja om den gongen me var på Jærmuseet og dei som sat i bilen min fekk ein ganske lang omveg, fordi me måtte finna eit alternativ til at eg skulle kjøra forbi den traktoren med tilhengar som eg på ingen måte våga å kjøra forbi med andre sine barn i bilen. Ein annan kinkig situasjon er at eg ikkje har lyst til å kjøra til festar sjølv om eg ikkje har tenkt å drikka alkohol. Eg innser at det av mange blir sett på som skikkeleg sløsing av ressursar at klink edru festdeltakarar ikkje har tenkt å kjøra heim frå festen…

Her skal det ikkje svartmalast. Dei fleste som kjenner meg aksepterer dei trafikkmessige funksjonshemningane eg lever med. Sjølv er eg supertakknemleg kvar gong eg får lov til å sitja på med andre når det skal kjørast til eitt eller anna mål, samtidig må eg innrømma at eg føler meg litt som ein snyltar, sjølv om eg prøver å vera nøye på å betala for meg.

Mest av alt innser eg at det er upraktisk å ikkje kunna henta barnebarn med bil i barnehagen når det trengst, ikkje kunna besøkja foreldra mine utan å få haik med andre familiemedlemmar, ikkje kunna spontanbesøkja venner som bur eit stykke frå toglinjer og bussruter, ikkje kunna kjøra inn til sjukehuset når det måtte trengst, og so burtetter som det heitte på gammalt landsmål. Eg innser og at eg er gammal nok til å ha ein slags rest av kjønnsimmunitet. Det ville sannsynlegvis vera langt meir oppsiktsvekkjande å vera ein mann på alder med meg sjølv som ikkje våga å kjøra bil. Då ville eg kanskje aldri tillete meg å bli så pysete som eg er nå.

Dette er delvis ei bekjenning for å visa resten av verda korleis det kjennest å vera ein ukomfortabel sjåfør. Eg kjenner menneskerasen godt nok til å vita kor mange som slit med ein for meg uforståeleg aggresjon over dårlege sjåførar. Truleg får dei utløp for eit eller anna når dei sit i bilen sin og kjefter over at nokon ligg i 68 i 70-sona eller ventar femten sekund for lenge i eit vegkryss. I mitt hovud er det ikkje nok med at eg er ein farleg sjåfør fordi eg er redd, men dei som ligg bak meg blir og farlege sjåførar fordi dei mellom banninga og utskjellinga til slutt kjem til å koka over og foreta ei kjempefarleg forbikjøring… Eg prøver å sleppa forbi alle irriterte bilførarar som eg har i bilspegelen, men på smale vegar kan det godt vera eit stykke til neste eigna forbikjøringsplass, som for eksempel ein busslomme eller ein rasteplass…

For å koma til det som kan likna litt på ei happy ending, så kan eg fortelja at eg har alliert meg med mi gode venninne Astrid som slit med liknande symptom, og har kjørt lite dei siste åra. Me har lova kvarandre å ta tak og prøva å koma oss ut av uføret. Eg kan skryta av at i løpet av dei siste tre kveldane har me vore på to rehabiliteringsturar for skremte sjåførar. På sundag kjørte Astrid til den gamle kyrkjegarden på Varhaug der me var inne i kapellet, las på gamle gravsteinar, fotograferte utsikten, og sat på ein benk og åt jordbær. I dag kjørte eg til Borestranda der me gjekk tur, drakk kaffi og åt kvart vårt sjokoladehjarte frå Freia med ei sanddyne mot ryggen. Eg imponerte til og med meg sjølv med å kjøra vidare til Verdalen og Bore og ta hovudvegen heim gjennom Kleppekrossen med mange skumle rundkjøringar. Me er litt stolte av oss sjølve, og synest at nå er me i gang med noko. Eg synest framleis det er litt miljømessig tvilsomt at eg skal kjøra bil kvar dag i sommar for å bli i stand til å kjøra meir bil, men det er kanskje slik det må vera.

Ja, ja, det får vera dagens skriftemål og dagens porsjon med sjølvskryt. Ein har trass alt ein blogg å passa… Så er det på tide å få hengd opp innhaldet i trommelen på vaskemaskinen, og samla tankane i ei bøn for verda, som for tida er nesten av hengslene. I den store samanhengen er i-landsproblema våre ganske små.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget