Gå til innhald

1.juli

juli 1, 2024

Sommardag i Rondane. For dei som bare delvis tek referansen, så kan eg opplysa om at eg på biletet står på same plassen som Harald Sohlberg stod då han malte, eller i det minste laga skisser til det mest berømte maleriet sitt: «Vinternatt i Rondane». Me har og køyrd over Dovre utan å møta moskusar.

På ladestoppet i Gjøvik gjekk eg inn på eit kjøpesenter for å handla litt, eg fann ut at verdas hyggelegaste befolkning må bu på Gjøvik. Alle eg møtte og snakka med, både i og utanfor butikkane var heilt usedvanleg snille, pratsomme og hjelpsomme. Kanskje inntrykket blir forsterka av den koselege dialekta i Mjøstraktene.

Heldigvis ser det ut som om villblomar i grøftekantane får leva eit friare liv enn for nokre år sidan meir forskåna frå grøfteklipping og giftspraying. Me køyrde forbi milevis med utruleg vakre grøftekantar som eg gjerne skulle ha fotografert til seinare oppbyggelse, men det var ikkje så lett å få stoppa dei stadane eg helst ville gjort det.

Turen over fjellet var veldig vakker, og me fekk og besøkt ei open pilgrims kyrkje, Eysteinskyrkja der me fekk sett oss ned og kjend på stilla og tend eit lys i lysgloben. Timane i bilen er veldig fine til strikking for den av oss som ikkje er sjåfør. Mer har og høyrd på lydbok «Og bakom synger skogene», av Trygve Gulbranssen. Det er ei av dei mange bøkene eg har tenkt at eg sikkert burde lesa ein gong. Nå viser det seg at det burde eg, for boka er så fin at me nesten ikkje får skrudd av for å høyra nyheitene og sjekka ut om verda framleis kan seiast å vera nokonlunde på hengslene. Det siste skal eg forøvrig ikkje bruka meir plass på akkurat i dag, for det er eit langt og mangslunge kapittel.

Me har sjekka inn på ein campingplass i Oppdal der me har leigd den minste hytta dei hadde, eit lite stabbur med tårn på. Trappa er eit slags campingbord med ei glipe mellom hytta og trappa. Nokon synest det er litt absurd at eg får høgdeskrekk av å gå ned dit utan noko å halda meg i, men eg trøyster meg med at mor mi ville ha forstått meg…

Det er kaldt her, så me er glade for panelomnen som me har stild på 22 grader. Me har ete rømmegraut og Rørosflatbrød med spekeskinke. Det smakte godt. Det er veldig stille her på campingplassen, men med jamne mellomrom for det eit tog forbi, og det virkar som om alle bles i fløyta når dei passerer. Eg går ut i frå at det må vera Dovrebanen som går rett ved sida av oss.

Nå har me for alvor starta turen vår som skal vara nesten tre veker. Det er deilig å reisa med bil og ikkje med tog eller fly, for nå har me plass til ein forenkla utgåve av heimen vår ute i bilen. Dersom nokon lurer på kva sånne som oss pakkar i bilen i slike anledningar, så kan eg røpa at me har med ein bokkasse med sikkert 20 bøker + nokre tidsskrift me lenge har hatt lyst til å lesa. Eg har med eit stort nett med garn i mange fargar, diverse strikkepinner, målbandt saks og nåler pluss eit oppskriftshefte. Så har eg med meg tre skrivebøker med blanke linjer og eit pennal med pennar og blyantar. Eg har med vilje latt vera å ta med andre digitale reiskapar enn mobilen, men i går angra eg litt fordi det var frykteleg vanskeleg å logga inn med ny mobil på bloggen min. Eg fekk litt hjelp til å knekka koden, så nå er alt bare velstand.

Me har med badetøy og sommarklede, men akkurat nå er eg glad for at eg var realistisk nok til å ha med regnklede, langbukser, ullstillongs, ullgenser og varm strikkekofte. Eg lot lue, gummistøvlar og vottar liggja att heime, så får det visa seg om eg får grunn til å angra på det.

Campingutstyr har me og med oss, og eit fjelltelt. Ein av oss vil gjerne bruka sistnemnde mest mogleg, den andre er takknemleg for kvar kveld det ikkje er bruk for det…

Eg har forresten alltid likt kjensla av å setja seg i bilen og reisa med den lettsindige tanken at det eg har gløymd nå får forbli gløymd. Det er noko befriende med å leva eit veldig enkelt liv for ei stund. Det meste klarer ein seg utan, og det meste går det an å få tak i om det skulle knipa.

Opprinneleg hadde me sett for oss at denne natta skulle vera på pilgrimsgarden i Trondheim, men der var det ikkje rom i herberget. Det er litt synd at me går glipp av Trondheim, for det er ein by eg er glad i å vera i. Eg skulle gjerne hatt nokre timar i Nidarosdomen, men det kjem nok nye sjansar til det. Nå skal eg sjå om eg får innvia den eine nye skriveboka.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget