Helgelandskysten
Alstahaug og Dønna

Etter startvanskane, (bokstaveleg talt), i går klarte me å innhenta vår eigen timeplan. Utpå kvelden, litt seinare enn tenkt, kom me fram til Mosjøen og vart varmt mottekne av Arild, nevøen vår, og kona Hege. Dei hadde gjort i stand eit bugnande kveldsmåltid til oss. Dette er tredje gongen eg besøkjer dei i Mosjøen, ein veldig vakker plass der det denne gongen bare vart ei overnatting utan at me fekk sett oss meir om. Etter ein lang og hyggeleg frokost med Arild, der me fekk ringt opp Ingrid på facetime og sunge bursdagssongen for ho som feirar 35-årsdagen sin i dag. Tenk at barna våre er så vaksne, og ikkje er ho eldste barnet vårt ein gong…
Første planlagde aktivitet i dag var Alstahaug, staden der Petter Dass budde, hadde sitt presteembete og utøvde sin barokke salmekunst. Kyrkja er den same som då, ho er bare blitt utvida og restaurert, men det blei oppdaga for nokre år sidan at prestegarden som det heitte seg at han hadde budd på, truleg vart reist sytti år etter hans død.
Det var eit nytt og stilig museum der teikna av «Snøhetta» der eit utbygg gjekk ut over sjøen. Der kunne ein sitja i øverste etasjen og lytta seg gjennom veldig mange Petter Dass salmar medan ein såg utover havet. Me fekk veldig grundig guiding av ein engasjert guide som kunne oppdatere oss om at det me veit mest om når det gjeld Petter Dass, er salmene hans. Det portrettet ein kjenner som Petter Dass, og som er utgangspunktet for andre maler og skulpturst, kan godt vera av ein heilt annan prest.
Det danna seg og ein eigen mytologi rundt mannen. Han skal i fylgje mytene ha lurt djevelen slik at han fekk same makt og kunnskap som han utan å selja sjela si, noko som elles var prisen for desse privilegia. I staden hadde han betalt med skuggen sin, så Petter Dass kasta aldri skugge same kor sterk sol han fekk på seg.
Ei anna myte fortel at han rei på ryggen til djevelen ein julaftan for å rekkja fram for å halda julemorgongudsteneste i København. Til gjengjeld skulle djevelen få sjelene til alle dei som sovna under preika, men hr Dass talte så levande og godt at ingen sovna sjølv om djevelen hadde øydelagd manuskriptet hans.
Om folk for tre hundre år sidan tok desse mytene på ramme alvor skal eg ikkje ha sterke meiningar om, men han levde i eit hundreår prega av krigar, hunger og pest og i eit miljø der folk rett som det var vart borte på havet i kampen for å få mat på bordet. Kanskje eit liv i den grad utan sikkerhetsnett gjorde at folk levde tettare på både dødskrefter og livskrefter og var opne på ein heilt annan måte for alt ein ikkje kan forstå.
Sjølv har eg lenge beundra Petter Dass for at salmane hans er så fulle av det verkelege livet, av naturen og av det ekte menneskelege. Eg har opplevd dette som ein inspirasjon når eg sjølv skriv salmetekstar. Eg har tru på å skildra livet slik eg kjenner det på kroppen og med sansane mine meir enn å koma med stiliserte glansbilete.
Etter Alstahaug stille me oss i ferjekø for å ta ferja over til Herøy. Der i frå har me via bruer kome oss til den store øya Dønna der me er akkurat nå. Me er innlosjerte på ei «underavdeling» av staselige Dønnes gard, og bur i eit nedlagd skulehus på andre sida av vegen. Det er klasseromma omgjorde til gjesterom og gymsalen til ei lita daglegstove og eit lite kjøkken me kan bruka. Me kunne kjøpt fin middag oppe på garden, men valde å laga oss litt enkel mat her på kjøkkenet.
Dette huset er bemanna av eit veldig hyggeleg skotsk ektepar som bur i overetasjen. Dei har flytta hit fordi dottera er gift med ein frå Dønna. Her er det så reint og ryddig at eg får prestasjonsangst når eg brukar kjøkkenet. Vil eg klara å halda standarden oppe, eller vil eg vera til stor forargelse?
Det er kaldt ute, men stort sett er det opphaldsver og låge skoddeflak legg seg rundt fjella. Det er utruleg vakker natur her. Dessverre har eg veldig begrensa plass til foto her på bloggen. Eg ville likt å leggja ut mange bilete på kvart einaste innlegg. Dei som får lyst til å sjå med eigne auge får finna bileta på Instagramkontoen min
Leif har lagt seg for å kvila litt. Planen er ein fototur ut i det fine kveldslyset. I morgon må me opp grytidlig for å ta ei tidleg morgonferge over til fastlandet.
Heidi