Helsing.frå Kystriksveien i nord

Sånne som meg som veldig sjeldan har lyst til å gå og leggja seg har i alle fall ikkje lyst til å gå og leggja seg når det er lyse dagen ute midt på natta.
Alarmen kvart på seks i dag morges kom derfor hardt og brutalt på den som sov, men det var god trøyst i å oppdaga at sola skein ute og at det framleis var lyst dagen.
Reisefølgjet mitt hadde funne ut at med ein lang og fergerik dag framfor oss, burde me nå ferga som gjekk klokka sju frå kai Bjørn. Eg har forelska meg heilt i landskapet langs Kystriksveien, og kan ikkje sjå meg mett på alt eg ser. Helst ville eg ha stoppa bilen kvar hundrede meter for å fotografera. Ferga klokka sju rakk me akkurat, på biletet ser de ho leggja til kai med munnen vennleg på gap.
To ferger seinare sit me og ventar på ei ny ferge i lag med mange, mange andre. Sola skin framleis, god og sommarvarm. Dette kan fort vera den finaste dagen her i nord, så det er bare å nyta.
Nokon med forretningstalent har laga ein liten restaurant med Thai-mat, pølser, is og kaffi her på kaia, og folk koser seg langs bordabute. Me har nettopp ete varm lunsj i form av vårrullar og fish and chips. Eg sit her i sola og høyrer måkeskrik og glade menneskestemmar. Ein bestefar fortel barnebarnet sitt at me kjem til å kryssa polarsirkelen mens me er på ferga. Sist eg gjorde det var eg og Karin serveringsjenter ombord på ms Gann på veg til Nordkapp. Me vart døypte av Kong Neptun, fekk vannsprut i ansiktet og diplom.
Så langt nord som dette har eg ikkje vore sidan den turen for førtifire eller førtifem år sidan. Eg har hatt lyst til ein tur heilt sidan då, men det har ikkje blitt slik før akkurat nå.
Og der kom ferga, faktisk, tjue minutt før tida. Eg må koma meg til bilen.
Heidi