Gå til innhald

Gildeskål

juli 5, 2024

Det siste døgnet har me hatt det veldig fint i lag med Torbjørg og Jon som me besøkte på staden deira på Sør-Arnøy. Leif og Torbjørg var i eit kristenrusstyre i lag i si tid og har halde kontakten sidan då. Første gongen eg møtte dei var på begynnelsen av 80-talet, og sidan då har me møtt kvarandre med ujamne mellomrom gjennom småbarnsforeldrefasen og vidare utover.

Det var lyst og mildt då me kom fram i går i sekstida, og trebordet utanfor huset var fint pynta med markblomar i vase. Me åt Jon si nydelege fiskesuppe og sat ute og prata til seint på kveld i det spesielle nordlandske kveldslyset.

I dag fekk eg først handla litt i Torbjørg sin bryggebutikk, mellom anna eit ikon malt av egyptiske nonner. Så tok eg og Torbjørg bilen vår med ferga over til fastlandet medan Jon og Leif tok båten med påhengsmotor, slik at Jon kunne nærguida han på strekningen.

Me møttest på kyrkjestaden i Gildeskål der dei har både ei veldig tidleg middelalderkyrkje og ei større trekyrkje frå attenhundretalet. På den tida kom folket sjøvegen til kyrkja. På plassen var det og ein veldig stor og gammal prestegard der Torbjørg og Jon budde i fire år då Jon var sokneprest i Gildeskål. I fylgje historiane spøkjer det her.

Me fekk spennande guiding både frå ein guide og frå dei to som hadde budd der, og eg har høyrt nye og saftige historier om kyrkjelivet for eit par hundreår sidan. Me avslutta med kaffi og kake utanfor prestegarden før me måtte vidare mot Bodø, der me nå sit i fergekai og har billettar over til Moskenes i Lofoten. Der er planen å slå opp telt, så me håpar det nokonlunde vennlege veret vil vara. Dersom vermeldingane stemmer vil me vakna til regn i morgon tidleg, så me får håpa at teltduken held tett.

Nordland og nordlandsnaturen har til nå vore ei stor oppleving for oss.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget