Gå til innhald

Bilen trilla vidare

juli 8, 2024

Rett etter at eg hadde skrive ferdig det forrige innlegget ringde dei frå bilverkstaden og sa at dei hadde fått litt ledig tid tidligare enn forventa. Me kasta oss og resten av bagasjen vår inn i bilen for å koma fram så fort som bare det.

Ein time etter innleveringa hadde bilen fått diagnosen øydelagd startbatteri og fått operert inn eit nytt. Alt skulle liggja til rette for ein problemfri biltur vidare.

Me lada i Svolvær og fann ut at me kunne ikkje med æra i behald seia at me hadde vore i byen, men bare sett Esso-stasjonen. Det vart derfor ein liten spasertur i ein litt forblåst og nokså nedkjølt by. Me møtte mange turister med fjellsko og gjensnørte vindjakkehetter. Det var ein sjarmerande by sjølv på ein kald dag, og me diskuterte om det var Svolværgeita me såg frå byen. Leif trur det var det, og eg trur det var eit anna fjell med horn.

Me køyrde gjennom mange fine landskap og måtte stoppa på fleire plassar for å ta bilete. Me valde ferjevegen til Sortland og forlot Lofoten for denne gongen. Eg skulle gjerne vore der lenger, men nå gler me oss til Vesterålen.

Nå har me landa i den største luksusen til nå på turen. Scandic hotell på Sortland. Eige bad og dusj med varmt vatn, mjuke senger og med fjernsyn på romet. Det var til og med ei skål med gratis bombommar på innsjekkingsdisken, så nå snakkar me…

Me har vore ute og ete god middag. Me trakk lodd mellom fiskesuppe og Peppes Pizza, men fann eit kompromiss der eg fekk laks og ledsageren pasta i soppsaus. Det smakte godt.

Me har alle sider dei fleste ikkje veit om, og her fekk eg utløp for ei av mine. Eg var lukkeleg då eg fann ut at hotellet hadde strykerom. Eg kunne ta med meg nyvaska ustrokne klær + klær som hadde blitt krøllete i kofferten ein etasje opp og ha ei hyggestund med strykejernet. Eg trur ikkje eg ville stått øverst på listene over kven folk trudde ville bli mest glade for å finna eit strykejern i løpet av ferien. Eg har til og med kjøpt meg eit reisestrykejern ein gong, men det gløymde eg å ta med. Er det ikkje godt me kan overraska kvarandre av og til?

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget