Gå til innhald

Vesterålen

juli 9, 2024

Her sit eg nå og skriv. Me er så heldige å få bu på eit rom med denne panoramautsikta her. Klokka rundar midnatt akkurat nå, og slik sett det ut utanfor.

Me er på Snarset i Bø i Vesterålen på Besøk hos Guro og Torbjørn. Dei har hus her, barndomsheimen hans, og er her ofte. Me har fått låna eit fantastisk soverom/ gjesterom med havutsikt, som dei har innreia i den gamle løa. Sjøen går heilt opp i eigedomen. Her er det ryper, hare, oter og elgar som frekventerer hagen, og like utanfor er det havørn. Me har sett tre elgar i hagen i kveld, to ungdyr og ein okse med gevir. Me har fått beskjed om at dei er veldig fredelege, ingen av dei har kalv, og viss dei kjem for nære inntil er det bare å trampa litt ekstra hardt eller å klappa i hendene, så trekk dei seg unna.

Det å sjå havet gir ein eigen ro. Her kunne eg blir sitjande heile natta og bare nyta lyset og utsikta. Guro, som har vore ei av venninnene mine sidan me begynte i 1F på Sandnes vidaregåande skule hausten 1977, har fortalt mykje om denne plassen gjennom mange år, men eg opplever nok ein gong at det er vanskeleg å sjå ting føre seg før ein er der sjølv om eg har sett mange bilete. Det heile er bare sååå mykje finare i verkelegheita.

Me har ete nydeleg fiskemiddag, torsk med rekesaus og så har me drukke kaffi og ete dei gode kanelbollene som gjorde at huset deira lukta så godt då me kom. Nokre av oss har sett semifinale i fotball -VM og andre av oss har strikka og snakka.

Den andre veldig gilde tingen me har gjort i dag er å besøkja Nyksund, ein tur me hadde fått anbefalt av fleire. Det var i si tid eit stort og rikt fiskevær langt uti havgapet som på grunn av omleggingar i fiskeindustrien vart fråflytta og stod til forfall. Det er nå blitt revitalisert og oppussa ved at kunstnarar og andre har slått seg ned der og gjort staden til eit attraktivt turistmål.

For å koma dit måtte me kjøra i ca 20 minutt på ein smal og svingete grusveg frå Myre. Dei prøver å halda staden mest mogleg bilfri, så alle vart oppfordra til å parkera bilen før me kom inn i sjølve fiskeværet. Det var iskaldt og blåsande der i dag, men veret stod på ein måte i stil med omgivelsane.

Me var på besøk i eit kunstgalleri der me hadde ein lang og hyggeleg samtale med ein av dei fastbuande om livet der ute. Han var fotograf og tok fantastiske bilete, og i tillegg var det fleire andre kunstnarar som stilde ut der. Han fortalde at akkurat nå er det mellom 15 og 20 fastbuande der, litt fleire i sommerhalvåret enn i vinterhalvåret. Det er litt kronglete å bu der med barn for dei får ein utfordrande skuleveg og lang avstand til klassekamerater og fritidsaktivitetar..

Me fekk sjå ein nydeleg film med kunstfoto av Nyksund gjennom vinteren med bilete som viste naturen, nordlyset og stjernehimmelen gjennom mørketida. Det var fleire stadar i Nyksund det gjekk an å få kjøpt mat. Me gjekk inn på ein gjenbruksbutikk med alt frå gammalt Figgjoservise, Tjorvendokker, sameluer til gamle smykke og kakeboksar.

Der kunne ein få kjøpt kaffi og nysteikte vaflar, så det vart lunsjen vår i Nyksund. Ein i reisefølgjet mitt syntest det var ein relativt dårleg idé å kjøpa med seg eit brukt koppehandkle i lin med ruter i pastellfarger og inn brodert monogram. Men eg måtte jo ha med eit minne… Sjølv er eg kjempefornøgd.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget