Sol i Vesterålen

I ettermiddag har me vore på ein veldig fin tur til fiskeværet Hovden. Guro var kombinert sjåfør og guide og viste at ho kjenner dette området veldig godt. Nå trur me at me har fått sjå det meste som verkeleg er verd å sjå i Bø i Vesterålen. Det viste seg som eit ekstra bonus at skydekket sprakk opp, himmelen vart blå og sola varma. Det må jo innrømma at at vakre ting ofte er ekstra vakre i sollys.
Vegen til Hovden var svingete og smal, men i motsetnad til vegen til Nyksund var han asfaltert. På vegen stoppa me med jamne mellomrom for å fotografera, og ein av stadane fekk me sjå eit lite fuglefjell der måkane sat tett i tett. Først såg me ingen ungar i reira, men så såg eg ein måke mata ein måke som såg nesten like stor ut som han sjølv. Me fann ut at måkeungane nok var tenåringar som snart var klare for eigne venger, men framleis trong litt støtte, oppmuntring og ein matbit frå dei vaksne sitt nebb.
Då me var nesten framme fortalde Guro at restauranten i Hovden var lagt ned, men at det hende at dei hadde sommarkafé i misjonskyrkje. Rett etter køyrde me forbi misjonskyrkje, men såg at sommarkafeen hadde stengd for ein halv time sidan. Då såg me ein person oppe i vindauget som vinka intenst på oss, og me bestemte oss for å kjøra bort for å kikka.
Ei dame kom ut for å fortelja at det var første dagen av kaféen, og dei hadde så mykje igjen av det dei hadde laga at dei ville halda ope litt til. Slik vart det kaffi, kake og smoothie i misjonskyrkja.
Eg syntest jo at det var imponerande at ein bitteliten plass utan skule hadde ei misjonskyrkje som var i stand til å driva kafé heile sommaren. Dama sin hadde vinka oss inn fortalde at ho dreiv dette saman med ein gjeng ungdomar ho var leiar for. Det viste seg og at ho kjende fleire frå Bryne, så verda er ikkje så stor.
Eg er veldig glad i bileta til kunstnaren Gunn Vottestad, som har så fine bilete av einslege hus i landskap. Eg såg dei hadde fleire av bileta hennar av i Nyksund og fekk vita at dette er det området ho kjem i frå. Dei siste dagane synest eg at eg har sett hus overalt som liknar på dei i bileta til Vottestad, så eg forstår kor ho har inspirasjonen frå. Me var innom fleire strender der folk bada sjølv om vatnet vart iskaldt og det var 16-17 grader i sjøen. «Var det kaldt?» spurde ein som framleis var på land. «Ja nå kjenner eg at eg lever,» svarde han i sjøen…
Me rundar midnatt igjen, og eg sit på ny og ser ut av vindauget. I morgon snur me bilen vår med nasen mot sør og reiser langsamt heimover. Nå har me gjort alt me hadde bestemt oss for å gjera. Nå blir heimturen etter Askeladdmetoden= me tek det som det kjem. Me har planlagd å køyra Vestlandet heimover, og det gleder eg meg til. Eg føler nesten litt sorg ved å skulla reisa frå lyset. Lyse netter der det aldri blir mørkt er noko av det finaste eg veit. Aller helst ville eg ha fortsatt nordover og fått med Troms og Finnmark og, men det har me ikkje planlagd og ikkje sett av tid til. Eg trøyster meg med at det er lyst i heile landet vårt akkurat nå, og at sommaren framleis er lang.
Tusen takk for oss, Guro og Torbjørn. Det har vore så fint å vera her.
Heidi