Lang dags ferd mot sør

Etter god frokost hos Guro og Torbjørn med varme heimebakte rundstykke, kom me oss nokolunde tidleg ut i ein ferdig pakka bil for å koma oss sørover. Vegen ned til Lødingen vart eit slags farvel med den fantastiske nordlandsnaturen. Me nådde ferga akkurat i tide og kom rett på. Sidan var det E6 den strakaste lei. Sidan det regna ganske mykje i dag, bestemte me oss for å kjøra ganske langt før me slo leir slik at me kan få litt tid i Trondheim i morgon. I dag oppdaga me at dei hadde eit ledig rom på Pilgrimsgården. Der har me vore før og likt oss kjempegodt, så i morgon unnar me oss Pilgrimsgarden og Trondheim.
Ein av oss hadde frykteleg lyst til å slå opp teltet i kveld, men dessverre trumfa ver og vermeldingane tekstinga. Nå har me i staden fått oss ei campinghytte på Trofors camping, ein time sør for Mosjøen, som me deler med nokre ganske innpåslitne og veldig store myggar. Dette er ei «stor» hytte med plass til både køyesenger nok til fire personar og eit spisebord med både veggfast trebenk og to kjøkkenstolar. Som det framgår av foto så har me hatt ein betre middag. Akkurat som i sist hytte så går toget rett forbi. Det hender me høyrer toget på Bryne og, så det får me skriva på kontoen for heimlege lydar.
I bilen manglar me nå bare dei siste to timane av ei tretten timar lang lydbok med opplesing av Selma Lagerlöfs «Jerusalem». Eg trudde eg hadde lese boka for lenge sidan, men i så fall har eg gløymt mykje. Boka handlar kort fortalt om ei lita bygd i Dalane i Sverige der det på 1800-talet kjem ein stor kristen vekkelse. Dei vakte får det for seg at Gud vil dei skal flytta til Jerusalem, og ei gruppe bønder sel verkeleg gard og grunn, tek avskjed med alt heime og legg i veg til Jerusalem.
Dette byggjer til ei viss grad på ei verkeleg hending, for på slutten av 1800-talet var det verkeleg ei gruppe menneske i Dalane som selde alt dei åtte og reiste til Jerusalem. Selma Lagerlöf reiste faktisk sjølv heilt til Jerusalem i lag med ei venninne for å finna att denne gruppa og sjå kva som skjedde med dei
Ein kan kanskje seia at boka handlar om mennesket og maktene. Ho skildrar det religiøse livet med respekt og på ein vakker måte. Ho skriv om det å vera menneske, og om det å høyra saman med andre, fordi liva i ein familie og i ei bygd er tett samanvovne. Ingen reiser til Jerusalem for godt utan at det gjer noko med dei som blir igjen. Som de forstår: Me anbefalar boka.
Denne ferien har eg gjort meg tankar om kor fantastisk fint det er å møta gjestfridom. Det å bli teken godt i mot av andre er ei nydeleg oppleving, og noko eg verkeleg håpar at me og får til å praktisere når det gjeld å dela bord og husvarme med andre.
Plutseleg og uoppfordra får me meldingar av typen: Eg ser at de køyrer forbi hytta vår, lås dykk inn og bu der viss de vil. Det er bare kjekt for oss… To sånne meldingar har me fått + at andre me kjenner byr oss på overnattingsplass. Eg blir heilt overvelda over kor flotte folk me omgir oss med.
Kveldens opptur er at Yr nesten lover oss 20 grader og sol i Trondheim i morgon. Slikt kan me lika.
Nå er me sør for polarsirkelen, så midnattsola må me venna oss av med, men mørkt blir det nok ikkje her heller. Klokka halv tolv om kvelden er det framleis nesten fullt dagslys ute. Dette lyset kjem eg til å sakna når me reiser endå lenger sør. Dei lange lyse nettene er noko av det aller finaste med norsk sommar.
Og nå bit myggen sjølv om me er fullt påkledde inne i ei hytte med dør og vindauge igjen. Dersom me vel å sjå ekstra positivt på det så er det vel eit teikn på sommar det og…
Heidi