Sommarettermiddag i Trondheim

Det var så fint å sjå himmelen klarna meir etterkvart som me reiste sørover. Då me kom til Trondheim ca klokka kvart på fire slo sommarvarmen mot oss då me opna bildøra.
Pilgrimsgarden er ein fantastisk plass å bu. På turen har me vore bortskjemde med fleire plassar med utruleg fin havutsikt. I dag er den byta ut med utsikt til Nidarosdomen, som er næraste nabo akkurat nå.
Endeleg vart det ver til å hiva på seg ein tynn sommarkjole, så det var det første eg gjorde etter at me hadde fått tilgang til romet vårt. Ironisk nok var det ein bestemt ting eg hadde lyst til å gjera i det fine solskinnet. I mange veker har eg drøymt om å ta med penn og skrivebok inn i Nidarosdomen for å sitja der og skriva. Det har vi eg nemleg gjort ein gong før, og det var så fint.
Eg var glad for at det var halvannan time att av åpningstida, så eg skunda meg å kjøpa billett bare for å finna ein stol der eg kunne sitja og skriva. Eigentleg kan eg skriva kor som helst, så eg kan ikkje forklara korfor akkurat denne kyrkja har nesten magnetisk tiltrekning på meg. Eg må inn dit og ha god tid til å vera der kvar gong eg er i denne byen. Det er jo ikkje ofte, så det står eg i. Eg lurer på om fastbuande kan kjøpa klippekort eller om dei som har det som si fastkyrkje kan snika seg inn bakvegen?
Det var akkurat så fint som eg hadde forestilt meg. Tida gjekk alt for fort mot 18.00 og ööstengetid. Eg jobbar med ein fredssalme. Den same dagen som eg bestemte meg at det måtte eg bare gjera, så vart eg spurd om kvelden om eg som eit oppdrag kunne skriva nettopp ein slik salme. Desse tinga er rare, eg opplever slikt heile tida.
Eg gjekk ikkje ut med ein ferdig salme, men med mange formuleringar, setningar og vers eg kanskje kan bruka stykkevis og delt.
Etterpå var me på Vesper, tidebøn etter gammal skikk, med veksellesing og vekselsong. Så vart det fiskesuppe på ein liten kafê på Bakklandet og kaffi i kveldssol på torget. Her på Pilgrimsgården er det og ei fin fellesstove der ein kan sitja og lesa og kanskje til og med prata og bli litt kjend med folk ein møter. Eg skulle gjerne ha vore her lenger.
Heidi