Gå til innhald

Sundag på Selja

juli 14, 2024

Turen frå Volda til Selja begynte med ein ferjetur. Skodda letta etterkvart, og me såg den fine naturen på Sunnmøre bada i sol med bare lette skoddeflak rundt fjella.

Me skrudde på gudstjæenesten og då dei sa at det var frå Selbu kirke trudde eg først eg skulle få høyra min gamle venn Per Kvalvåg. Det viste seg å vera ein annan prest denne gongen, men det var ei veldig fin gudsteneste med folkemusikkfokus og tema håp. Slikt kan eg lika. Nå er det sjølvsagt fint å vera i kyrkja sundag føremiddag, men varianten med å høyra radio og syngja med på slike salmar ein i si tid lærte utanåt på skulen medan ein køyrer gjennom ein sommardag i juli med havet på høgre side er heller ikkje feil.

Då me kom til Selje og skulle venta på båten ut til Selja, oppdaga eg at me hadde gløymd ost, smør og to greske yoghurtar igjen i eit lånt kjøleskap i Volda…

Turen ut til Selja tok 15 minutt med båt. Havet var heilt roleg. Me vart loste gjennom ruinane av ein veldig flink guide som fekk historiane til å leva. Etterpå fekk me tid til å oppdaga staden på eiga hand.Det var rart å tenkja på at denne vesle øya i si tid var bispesete for biskopen for Vestlandet frå Agder og nordover, at det hadde eit benediktinarkloster med 8-10 munkar, byggfolk som haldt bygningane i orden og kanskje opp til 200 pilgrimar kvar einaste dag.

Fram til Svartedauden var det eit av dei viktigste sentera me hadde for kunnskap, religion og makt. Det var eit sjukerom der sjuke vart pleia og munkane dyrka korn, hadde sauer, hadde urtehage og dreiv med fiske i tillegg til studier og avskrift av gamle skrifter samt tidebønner. Etter reformasjonen vart munkane jaga frå landet, og etterkvart vart det bestemd at folk som hadde bruk for fint tilhogde steinar kunne koma og ta det dei ville frå klostermurane og bygningane.

Etter omvisninga fekk me sjå oss om på eiga hand. Eg fekk ringa med klokka i tårnet, og knela på høgre kne for å drikka tre slurkar vatn frå den heilage og lækjande Sunnivakjelda slik pilgrimane gjorde i si tid. Etterpå sette meg ned på muren og skreiv på siste verset på fredssalmen min.

Då alle var ombord i båten som skulle ta oss tilbake, oppdaga Leif at han hadde gløymde kameraet sitt. Dei var gilde og haldt båten tilbake medan medpassasjerane våre til underhaldning eller irritasjon fekk sjå han i fullt firsprang opp mot klosteret og etterpå i fullt firsprang tilbake med kameraet i handa.

Då me la planar for turen såg me at me kom til å køyra forbi Sandane der Stig og Oddny bur, og spurde om det passar at me stakk innom dei. Dei skulle dessverre på ferie denne veka, men inviterte oss varmt til å overnatta på låven deira. Det takka me ja til. Det er veldig kjekt å sjå med eigne auge kor dei bur og kor fint dei har fått det. Veldig kjekt var det og å møta igjen dottera som har teke veldig godt vare på oss.

Den einaste gongen eg med vilje har våga å lura meg unna den bundne tida på jobb var då den same jenta var nyfødd. Jan Ivar foreslo at me reiste til Lye for å sjå henne, han hadde forhøyrd seg om at me var velkomne innom. Eg hugsar at eg sat i ein stol og bare stirra på det nydelege vesenet oppi vogga. Det var stort.

I morgon er planen å reisa tidleg for å møta Bodil og Per Christian i Bergen før me reiser heim om kvelden. Då har me tre dagar på oss til å gjera oss klare til den neste ferien: Danmarkstur med alle små og store etterkomarar inkludert tre kjærastar som og høyrer huset til. Det blir gildt det og.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget