Himlajorden

«Kalla den änglamarken eller himlajorden om du vill,
jorden vi ärvde och lunden den gröna.
Vildrosor och blåklokkor
och lindblommor och kamomill…»
Slik syng Evert Taube på plater og gamle innspelningar nesten femti år etter sin død, og mange har sunge og syng med han songen om å ta vare på alt det fine me har arva og har overteke ansvaret for.
Sommaren er verkeleg ei tid for det vakre, kvar dag finn eg fine fotomotiv som eg tenkjer eg har lyst til å dela på instagram for å la andre få sjå noko av det fine eg ser, det ser eg at mange andre og gjer, både der og på andre kanalar.
Ein av dei årlege sommargledene eg har er å lytta til Sommar i P2 og høyra meir eller mindre kjende personar fortelja om livet sitt utan å bli avbrotne av programleiarar eller motdebattantar. I år hadde eg mage episodar å ta igjen, sidan me har vore så mykje på reise, så eg hadde ein liten bank med ventande interessante menneskemøte. Eg såg at den eine som hadde ein episode der var klima-aktivist. Eg må innrømma at det ikkje var den første episoden eg klikka meg fram til, sidan sommaren var så fin og alt var bra, og eg visste at eg kanskje ville bli trist og fortvila av å høyra på.
Likevel, då eg var ute og sykla tur ned til strendene, og mellom anna tok bilete over frå ein byggåker på Vik eller deromkring, fekk tanken at nå hadde eg nytt stilla ei stund, nå kunne eg kanskje høyra litt på radio. Denne gongen fall valet på episoden med klimaaktivisten Jonas Kittelsen. Eg tenkte kanskje at det kunne passa mellom i åkrane og blomane.
Akkurat som eg hadde tenkt/ frykta gjorde dette sterkt inntrykk på meg. Det var lett å identifisera seg med den unge mannen først i tjue-åra som etter å ha teke pause i studiene og budde på ei hytte i eit halvt år der han las bøker og levde så billig han kunne for å få tid til å tenkja, fann ut at det einaste valet han kunne forsvara var å bruka livet på å prøva å gjera ein forskjell i forhold til klimakrisa. Han hadde budd eit år i Kina og kjend klimaendringar og luftforureining nær på kroppen, og var vettskremt med tanken på kva som var i ferd med å skje med jorda.
Då Trump vart vald til president for snart åtte år sidan, tenkte eg at dette har ikkje jorda tid til. Å la ein klimakrisefornektar ha roret i USA virka som ein situasjon ein ikkje kunne ha råd til medan stoppeklokka til ei ufråvikeleg gigantkrise tikka vidare. Trump vart vald, så kom korona, og så kom krigen i Ukraina. Klimakampen pågår, og mange krefter er sett inn på å snu utviklinga, men jorda er ei stor skute å snu. Naturforskarar seier at for å overleva som menneske er me programmerte til ikkje å få full panikk for villdyr før løva hoppar fram frå busken rett framfor oss. Det er ein beskyttelsesmekanisme for ikkje å gå til grunne i bekymringar, men kanskje ikkje alltid det som gjer åtferda vår mest framtidsretta. Under koronakrisa gjekk store deler av verda inn i eit for oss ukjend modus, og me levde med at ingenting såg ut som før. I den bobla levde me med store restriksjonar i to år. Det lar seg altså gjera å leggja om kursen viss me må. I følgje Jonas Kittelsen har me gått inn i ein kollektiv fornektingstilstand, der me later som om det klimaforskarane har funne ut ikkje er sant.
Dagens anbefaling frå meg er å høyra på denne episoden på «Sommar i P2», og så gjera deg opp eigne meiningar om kva du trur på eller ikkje. Eg veit at det er vanskeleg å vita kva me kan gjera. Det monnar liksom så lite om eg skulle lukkast i å vera kjempeflink til å sortera søppel, eller av ulike grunnar lar vera å gå inn i fly når det ikkje er tvingande nødvendig. Det er dei store systema me må endra på. Når det er sagt, så startar det meste av det store i det små, og alle store rørsler startar med at nokre få ser at det må skje noko.
Om eg har tenkt å lenka meg fast inne på stortinget eller noko slikt? Nei, det har eg vel ikkje, men eg har stort behov for å ropa ut at nå må det skje noko. Eg har barnebarn og potensielle oldebarn å ta ansvar for, og dei som lever under tørke og hetebølgjer som nesten ikkje er til å leva med, dei er har og barnebarn og barn eller er barn sjølv. Akkurat nå er mitt bittelille bidrag å skriva denne teksten, men eg tenkjer at me alle må vera så sterke og vakne og modige som me kan for å prøva å gjera vårt for at jorda framleis skal vera bebueleg og god i lange tider. Eg har problem med å forstå at dette ikkje skulle vera den aller første og største utfordringa å ta tak i, og eg forstår ikkje at ikkje alle kan einast om det.
Om dette er krisemaksimering og svartmaling, og om eg har latt meg lura til å tru noko som ikkje er sant? Ja, då kan eg med handa på hjartet svara at ingenting gledar meg meir, og det er ingenting eg heller ville ta feil om. Her har eg ikkje det minste fnugg av behov for å ha rett. Eg er bare redd at det ikkje er så vel.
Måtte me finna gode, kloke måtar å stå saman på. Og måtte me ikkje la alt det vanskelege overskugga gleda og det gode i verda og i kvardagane. Eg har klokkartru på at det går an å kvila i det gode slik at me blir sterke nok til å stå i alt som er vanskeleg. Dette var dagens, til meg å vera, ganske aktivistaktige tekst. Det er lov å la seg inspirera, og det er lov å vera ærleg og redeleg heilt ueinig i tankane mine. Ha ein framleis god sommardag.
Heidi