August i Oslo

Dette er litt av utsikta frå Sunniva og Trygve sin balkong i Oslo. Det viser deler av ein fantastisk bakgard med drivhus, plantekassar, tre, benker og småbord og eit fantastisk uteareal for alle småbarna som bur der. Eg er imponert over byutviklinga i Oslo. Det er så mange grøne lunger, parkar og fellesareal, og bilane har forsvunne meir og meir ut av sentrum.
Me har hatt eit heilt fantastisk ver denne veka, sol og sommar kvar dag, deilig fint og varmt. Det vil seia nå i føremiddag har det regna litt, men når det er 20 grader og meir og vindstille, så er det ikkje så farleg med sommarregn. Eg høyrer at ikkje alle er like fornøgde med sommarveret i år, men me har truffet godt med turane våre, og me har samanlagd hatt ein fin norsk sommar, synest eg.
Folk soler seg i parkane og på strendene, eg synest å leggja merke til at sommarbrune nordmenn har lysare brunfarge enn for eksempel for ti år sidan. Kanskje det skuldast solkrem, eller kanskje at det å steikja seg i sola ikkje er så trendy som før? Skal sjå eg er meir trendriktig enn eg trur, for i år har eg ikkje ligge strekk ut i sola innsmurt med solkrem ein einaste gong. Ikkje fordi eg ikkje kan lika litt sol på ryggen, men då skal ein ha god tid, og det har skjedd så mykje anna.
I går hadde me ein nydeleg kveld i lag med Torun, Torbjørn og Elise som kom frå Røyse for å vera i lag med oss. Me hadde kjempegod middag på Südöst på Grünerløkka før me spaserte rundt i byen, prata og såg oss om. Det har vore mange fine treff med venner i sommar, gode menneskemøter er noko av det finaste eg veit. På torsdag hadde eg ein lang og og triveleg lunsj med mi gode barndomsvenninne Sissel på Aker brygge. Me treffest sånn omtrent ein gong i året, og som det står i songen: «Hver gang vi møtes, har vi det bra, vi e venna før livet, sånne e goe å ha.»
I går flytta me inn på gjestehuset på Katharinahjemmet, her bur det nonner og voluntører, turistar og studentar. Dette er ein god og fredeleg plass å halda til når ein er i Oslo. Eg har budd her fleire gonger med venninner, men eg trur det er første gongen Leif er her. Her er det fint bibliotek, klosterbutikk, kapell og ein koseleg spisesal med enkel og god frokost. Viss ein vil kan ein vera med på tidebønner. I går var me på messe i Dominikanarklosteret som ligg fem minutts gange frå her me bur.
I dag har me feira min eldste svoger Joffe med storfamilien, pølser, salatar, frukt og kaker. Me stilde ein heil liten delegasjon frå vår heim med Leif og meg, Halvard, Sunniva, Trygve og Tage i eit slags felles sundagsopptog frå Bekkestua stasjon med Tage i barnevogn.
Vel framme møtte barna våre fleire av syskenbarna sine og ein ganske stor gjeng små tremenninger var samla for første gong. Om me hadde klart å samla alle ville det ha vore ytterligare sju små syskenbarn, men geografisk spreiing tatt med i reknskapen, så var det slett ikkje verst å klara å samla så mange. Me var heime hos Einar og Astrid som har overteke det som for generasjonen under oss var farmor og farfar sitt hus og hage, og det var jo litt ekstra kjekt.
Jubilanten og dei tre brørne hans stilde alle i chenille-onepiecar med juletre og reinsdyr på, som vart kjøpte inn til Leif sin 60-årsdag, og alle var glade og fornøgde. Her vil nokon lura på om Harboe familien er litt spesielle. Til det kan det kanskje tilføyast at dei fleste familiar er litt spesielle, så akkurat det spørsmålet skal få bli hengande ubesvart i lause lufta…
I morgon avsluttar me den siste av dei tre ferieturane for i år og set oss på toget heim. Nå blir det striskjorte og havrelefse som det heiter på den gamle seiemåten. Me kan vel fornya oss litt og kalla det morgonalarmar, vekeplanar og fråverssjekk på Visma.
«Når hausten kjem og sistkveldskløva hente, då skal e takk, før sommarn så å fekk». Men som eg minner meg sjølv om kvart år: August er ein sommarmånad, og det er framleis langt fram til hausten…
Heidi