Gå til innhald

Luke 1- advent 2024

desember 1, 2024

Så har me trådd over terskelen til det romet i livet som heiter advent. Det pleier å vera eit fint rom å vera i, og døra opnar seg like plutseleg kvart år, sjølv om me har både klokke og kalendar.

I år trefte det seg til og med slik at første desember er første sundag i advent, og når det passar slik pleier me å laga adventkaffi og tenna det første lyset i lag med familien. Sidan det var julemesse i kyrkja i går var diverse julekaker, ambrosiabrød og eplesyltetøy av det heimelaga slaget kjøpt inn slik at det vart eit enkelt gjestebod å halda.

Ute var det grått og kaldt og surt, så det passa fint å koka ei stor gryte kakao, eller for å vera meir nøyaktig sjokolade basert på kokesjokolade. Det er sjeldan kost her hos oss, eg trur det er årevis sidan eg sist kokte kakao, men det heng ei kjensle av barndom og sundag ved denne drikken. Heime var det ofte kakao til kveldsmaten på sundagane, og for å forsterka det litt ekstragavante opna me ofte ein boks med sardiner i tomatsaus og som me hadde på grovbrødskiver med margarin.

Hos bestemor og morfar på Bryne kokte me kakaoen av kokesjokolade, og denne vart då kalla sukkerlade. Det var alltid stor stas å sitja rundt bordet og drikka det i store kvite koppar med brødskiver til. I dag drakk me av mummikoppar og var elleve personar rundt bordet. At det plutseleg er eg som er bestemora er litt uverkeleg, men så lenge me har med oss to oppegåande olderforeldre, så kjennest det ikkje fullt så gammalt som det elles kanskje kunne gjort.

I går, i ein alder av meir enn seksti, vann eg forresten mi første fruktkorg på åretrekning. I barndomen var slike korger ei korg med hank, gjerne med glitter tvinna rundt hanken og ei stor sløyfe på sida. Nåtidas fruktkorg er ei låg pappøskje frå butikken innepalla i selofan som viste seg å innehalda klementiner, epler, bananar, ei stor sjokoladeplate, ei pakke småsjokoladar, ein pakke oreokjeks og ein pakke sørlandschips. Me måtte spara opninga av korga til jentene kunne vera med og opna. Eg er litt usikker på om slike gevinstar for dei har den same magien som det hadde for oss for nesten 60 år sidan. Eg ser framleis for meg basardokker i trevogger med garderobestativ som eg heller aldri vann. To basardokker dukka likevel opp i min veg,den eine var ei celluloid-dokke med pålimt lysegult hår og brudekjole som onkelen min vann ein gong på slutten av femtitalet. Denne passa bestemor godt på, men av og til fekk eg leika med ho, noko som var stor stas.

Den andre basardokka vann farmor. Ho var stor, hadde lyst hår og krøller og var kledd i kjole, kvit fuskpelskåpe og med kvite gummistøvlar. På lappen som fulgte med stod det at ho heitte Dorthe. Eg var ganske stor då dette skjedde, ti år eller noko slikt. Farmor spurde om eg var for stor til å få henne, som den eldste jenta med mange yngre syskenbarn var det nok av dei som ville blitt glade for å få ho. Eg visste at eg kanskje var nesten for gammal til å få dokker, men eg hadde så frykteleg lyst på henne, og fekk lov til å bli den heldige mottakaren. Då barna mine 35 år seinare hadde klipt panneluggen hennar og brukt kulepenn i ansiktet vart eg oppriktig lei meg. Denne dokka bur framleis i huset mitt og går under namnet storesyster fordi me har fleire babydokker i tillegg. Døtrene mine synest av ein eller annan grunn ho er skummel, men barnebarna har heldigvis teke henne til hjartet sitt.

I går var det julemesse i kyrkja med program frå morgon til kveld. Barnekoret song og Iben fekk synga i mikrofon. Det var stappfullt av små og store menneske der som handla småkaker, syltetøy, trearbeid og heimesydde og heimestrikka bamsar, handlenett, grytekluter og andre varer. Dei kjøpte kaker og saft, graut, lapskaus og årer med mange lodd. Pengane strøymde inn til barnearbeidet i kyrkja og til barn i andre land som treng dei endå meir enn oss. Julemessedagar er skikkelege dugnadsdagar der me kjem med alle varene me har laga, handlar masse med godt samvit og nyt aktivitetsnivået.

Det er blitt advent og desemberblogging, for det ein har klart å gjennomføra i mange, mange år kan ein ikkje så lett bare bestemma seg for ikkje å gjennomføra. Det er ein ganske grei ting å skriva i desember i tillegg til i mai og om sommaren. Då blir det overkomeleg. Første luke i adventkalenderen er med dette opna. Kva resten av lukene inneheld for meg som skriv, deg som les og for resten av verda, er det fortsatt ingen som veit. Me får synga som i adventsongen av Eyvind Skeie, her med nynorsk tekst:

«Tenn lys, eit lys skal brenne for denne jorda vår,
den blanke himmelstjerna der vi og alle går
omkring og deler vona at gode ting skal skje,
må jord og himmel møtast, eit lys er tend for det.»

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget