Luke 2-2024

Opninga av luka for i dag gir lesaren ein kikk inn i læraryrket, ein jobb eg til våren har halde til i i fulle førti år. Det siste står for meg som merkeleg på grensa til lite truverdig. Kor har det blitt av førti år av mitt liv?
Svaret er at eg har levd dei djupt og intenst, og dokumenteringa er det vel heller ikkje noko å seia på. Desse åra har bare gått så forunderleg fort.
Læraryrket er ei tålmodskrevande og intens livsform. Det nyttar ikkje å skunda seg, for då kan ein fort springa forbi eit eller anna barn som treng å bli sett, og ein kan ikkje rekna med å ta lange pustepausar, for det skjer alltid eitt eller anna som krev at ein koplar seg på rett kanal fortare enn lynet.
Med ein kombinasjon av skule og kulturskule har eg ein tolvtimars arbeidsdag kvar veke, og i periodar kan det fort bli fleire av det slaget. Men eg klagar ikkje, lærarar har eit avkorta arbeidsår med lange avspaseringar, og sidan eg jobbar heime kvar fredag, må all undervisning og bunden tid inn på fire dagar. Då seier det seg sjølv at dagane blir intense.
I dag tidleg tenkte eg at ei arbeidsøkt måtte til i klasseromet i løpet av morgonen, for eg visste ikkje ein gong om me hadde fått hengd opp adventkalendaren i form av kvar sin konvolutt med hemmeleg innhald. Overraskinga var stor, og gleda djup og ekte, då eg opna døra og såg inn i eit magisk pynta klasserom som nokre av mine fantastiske medarbeidarar må ha brukt delar av helga på å få organisert. Litt av resultatet ser du på biletet, og smilet er heilt autentisk og rett frå hjartet.
Deler av føremiddagen gjekk med på å glasera ferdigbrende keramikkrelieff i ulike fargar og dekorar, for å så å setja på ein omn med glasurbrenning som skal jobba seg opp til tusen grader eller meir i løpet av natta, og forhåpentlegvis er klar til å opnast ein gong i morgon ettermiddag. Keramikkbrenning er kjempespennande, ikkje minst glasurbrenning, for ein veit aldri korleis resultatet blir. Det å opna døra inn til omnen etter fullend brenning er skikkeleg spennande, og etter å ha fyld omnen, bolta døra igjen, og starta han etter alle kunstens reglar er eg alltid redd for å ha gjort eit eller anna heilt gale, og i verste fall starta ein brann i løpet av dagen eller natta. Til nå har det gått bra.
For å hella litt malurt i begeret, så er det mest alltid eit eller anna som går gale og i løpet av ein dag. Det har vore ei rivande utvikling frå mine første lærarår med grøne krittavler der ein skreiv med firkanta kvitt, eller rundt gulkvitt tavlekritt. Nå skjer alt digitalt, og det er fantastiske mogleheiter så lenge teknologien leverer, men utruleg stressande når ein står der med ryggen til ein klasse og prøver å få tavla til å virka medan elevane blir stadig meir høglytte.
Etter å ha brukt ca ti minutt på å prøva på alle tenkjelege måtar å få kopla på ipaden for å kunna presentera vekesongen til adventsamlinga og bileta til adventboka på tavla, måtte eg resignera og klara meg utan visuell støtte. Og som i mange skuledagar har det vore både trøysting, skjenning, klemming, grensesetjing og friminutt som har forsvunne i alt anna enn å slenga seg ned i ein sofa på personalrommet.
Rett etter undervisning og planlegging av dei neste vekene i lag med trinnteamet, var det utviklingssamtalar med ein og ein elev med tilhøyrande foreldre. Me sat der med vintermørke utanfor, og ikkje sei det høgt til nokon, eit brennande stearinlys på bordet. Desse treffpunkta med elev i lag med foreldre to gonger i året er veldig fine. Det er krevande i forkant med elevsamtalar, fagevalueringar og legging av kabalar for frammøtetider, men det er veldig fint å få setja seg ned og snakka saman på denne måten.
Plutseleg har dagen gått, og læraren syklar heim i mørket i iskald vind og rekk å bli skikkeleg kald på fingrane, og plutseleg er det langt over tida då ein eigentleg burde gått og lagt seg.
I morgon ventar adventfrokost i klasseromet, adventsstund, forestilling med 6. trinn og øving av drama til julegudstenesta. Det blir sikkert fint. Innimellom skal det gjerast klar til juleverksted, leitast etter ei pukkelhette til ein kamel, gjerast klar til ein krle-time og ha litt utviklingssamtale og sånn. Det blir sikkert fint.
Heidi