Luke 10 -2024

Av og til blir ein salme til veldig fort. Andre gonger kan ein flikka og fila i vekesvis for å bli fornøgd, kanskje utan heilt å bli det. Det rare er at av og til er det dei tekstane som bare er der utan at du har brukt krefter på å leita fram orda som står seg best. Kreativitet er rare mekanismar. Ein veit ikkje heilt kva for nokre tekstar dette er før dei har fått litt tid til å mognast, så det eg presenterer i dag er ei slags umogna ferskvare.
I sist veke fekk eg ei melding frå Arne Martin Aandstad som eg møtte på salmeverkstad på Lia gård i april og har hatt fleire samarbeidsprosjekt med seinare. Han hadde ein tanke om at det kunne ha vore fint å laga ein salme saman inspirert av Sakarjas lovsong i Lukas 1, ein profeti om at lyset frå det høge skal gjesta oss som ein soloppgang og lysa for dei som bur i mørke og dødens skugge, og at lyset skal leda føtene våre inn på fredens veg.
Då eg sat på toget fekk eg lyst til å prøva på dette, og så skreiv eg denne teksten nesten utan å tenkja meg om, sånn ca mellom Kongsberg og Drammen.
Eg sende teksten til Arne Martin som sende meg denne melodien dagen etter. Det er veldig kjekt å vera kreativ saman med nokon. Arne Martin understrekjer at lydfila under er det ho er, ei rask gjennomsynging for at slike som meg, som ikkje les noter så godt, skal få høyra. Eg likte melodien veldig godt, og allereie på sundag vart dette urframførd på gudstenesten til Arne Martin.
Nå fekk eg lyst til å dela dette som skikkeleg ferskvare med dykk og. Eg seier om teksten som han sa om lydfila, ta det for det det er…
Arne Martin sende meg eit fint soloppgangsbilete som eg ikkje har spurd om å få bruka, så det får bli eit soloppgangsbilete frå klasseromet mitt i dag morges. Sidan eg er eit typisk B-menneske er kanskje ein av grunnane til at eg liker denne årstida, det at til og med eg får med meg soloppgangane?
Kom finn oss her i mørket
Når vintermørket pakkar seg rundt oss med faste hender.
når natta festar grepet så me ikkje klarer sjå,
kom du med trøyst og nærleik,
gi kraft til redde føter,
kom du med lys og håp og tru
og vis kor me skal gå.
Ref
Kom finn oss her i mørket,
gi lys i dødens skuggar.
Kom gjest oss som ein soloppgang
der lyset stråler ned.
La vintersola kjærleg,
få møta redde tankar,
og lys til våre føter kjenner vegen fram til fred.
La tankane få kvila trygt hos deg og vis oss lyset.
Når motet vårt vil svikta gi oss håp nok til å tru.
Me veit at lyset finnest,
at jorda vår er elska,
Kom fyll oss med din tillit,
midt i mørket der står du.
Ref

Heidi