Gå til innhald

Luke 14-2024

desember 14, 2024

Det finst visse ritual som foreldre og besteforeldre gjentek kvart år før det kan bli jul. Me knyter forkle på barna, gir dei kjevle og peparkakeformer, og så blir dei fotograferte for å visa idyllen i heimen…

Dette skjedde allereie i min barndom for meir enn femti år sidan. Eg hugsar at det var veldig kjekt, at deigen var veldig stor, og at me var ganske leie før me var ferdige. Eg har og minne både frå bardomen og barna mine sin barndom om at me nesten måtte skrapa golv og bord med kniv for å få alt reint etterpå, fordi kreativiteten auka etterkvart som ein blir litt lei av å trykkja ut med former.

På biletet kan me sjå ein relativt uregulert og lite militant variant av temaet kakemannbaking. I barndomen var det alltid kvite kakemenn og koner me laga, og det har eg fortsatt med parallelt med at peparkakene har innteke heimen, helst i form av ferdig deig frå ikea med eller utan palmeolje.

Seint i gårkveld laga eg ein kakemanndeig, eg dobla grunnoppskrifta, men det vart likevel ein relativt liten porsjon. Eg gledde meg til å få besøk av jentene i dag for å setja i gang. Begge to hadde pynta seg før dei kom, og gledde seg dei og. Tradisjonelt har dei blitt relativt fort leie, slik at det meste har eg måtta gjera sjølv, men i dag viste eldstejenta stor uthaldenheit og jobba i over to timar med baking og maling før ho hadde fått nok.

Då me skulle prøva ut deigen, sa eg at det var nok best eg kjevla, så kunne dei stikka ut. Sjuåringen såg på kjevlinga mi og gav beskjed om at «Du må kjevla tynnare, mommor, elle så blir kagene for tjokke!» Eg svara litt unnvikande at deigen var nok blitt litt hard. «Men du må gjera sånn, mommor, sa jentungen og kjevla ut ein deig som var både tynnare og større enn min. «Å så må du strekkja litt i deien ittepå, sånn så dette, så blir han ennå større!» Barnet må vera fødd med handverkargener som ikkje kjem via meg… Ho tilbydde seg å kjevla for minstejenta og, og det gav systera henne lov til…

Ambisjonsnivået sokk litt etterkvart, for til å begynna med hadde eldstejenta ein idé om at me kunne laga Hakkebakkeskogen sidan me hadde former til både bjørn og rev og pinnsvin og ulike storleikar av grantreformer. «Du høyre jo atte me trenge mange tre, mommor, dæ hette jo HakkebakkeSKOGEN.»
Sidan me hadde mummitrollformer og, kunne Mummidalen vera i enden av Hakkebakkeskogen. Etterkvart vart skogsprosjektet stille lagt til sides til fordel for vanlege kaker i boks. Veslesyster trekte fort inn til morfar for å sjå om dei kunne finna på noko litt mindre stilleståande enn baking.

Etter ei stund dukka onkel Odd Christian opp. Han hadde vore på julegavehandel og ville sjekka korleis det gjekk med kakebaksten. Han fekk vera med på å mala med fyrstikker og konditorfarge rundt bordet inne mens mormor fekk unna peparkakedelen aleine på kjøkkenet. Då det vart «Show» i stova med solosong og spotlight, gløymde me eit brett peparkaker i omnen som vart så brende at dei bare måtte kastast. Mormor var barnsleg nok til å synast det var litt trist at den einaste fine store hesten me hadde skulle bli brend, så den ligg i kakeboksen med litt mørkare farge enn andre lam, bjørnar og piggsvin. Det kan jo vera nokon liker ekstra godt steikte kaker…

Det fine med å gjera ting i lag er at me får god tid til å snakka og filosofera og synga. Luciasongane gjekk på repeat, det same gjorde julesongane frå koret, frå skulen og frå Jul i svingen. Etterpå fekk me tid til å teikna litt før mamma og pappa kom for å henta og smaka på baksten. Dagen vart koseleg og litt kaotisk. Når eg set i gang med prosjekt blir dei ofte større enn dei strengt tatt hadde tenkt å bli, og det blir alltid ein del å rydda etterpå. Det siste skjer når eg er heilt aleine om eit arbeid og, så eg skal ikkje leggja skulda på andre…

Mest av alt synest eg me er superheldige som har to av barnebarna våre «rett rundt svingen», og kan få så mykje tid som me gjer i lag med dei som me gjer. Eg veit kor fort ein barndom går, for eg har hatt ein sjølv, og barna mine har til saman hatt fire. At ungane mine er vaksne og ikkje ein gong ungdomar lenger, har langsamt gått opp for meg. At eg er i ferd med å nå pensjonsalder er endå vanskelegare å begripa. Det kjennest som om eg nokså nettopp var ung og nyutdanna og etterkvart småbarnsmor.

Det er godt livet fylgjer det me i pedagogikken kallar spiralprinsippet. Dette at me lærer meir og meir, men kjem tilbake til den same plassen der me er kjende frå før for å læra noko nytt før me går vidare, kjennest ganske trygt. Akkurat nå er me på det punktet som heiter advent og snart julefeiring, og der har me vore før, så det kjennest ganske fint og gjennkjenneleg midt i alt det andre som og er livet.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget