Luke 18-2024

Det skakke, rare, feilbarlege vakre livet…
Desse malte kakemennene frå produksjonen vår i helga i lag med to små jenter, synest eg er eit greitt eksempel på overskrifta over. Verken steikinga, utforminga eller malinga har det minste anstrøk av å vera masseprodusert eller maskinlaga-. Figurane har eit litt rufsete preg, eit eller anna som får dei til å sjå ut som om dei er laga av barn, og det er jo nokså nær sanninga… I beste fall er det sjarmerande, i verste fall ikkje bra nok…
Dei færraste av oss er perfekte, og det er kanskje like bra? Det er jo lett å sjå glansbileta frå andre sine perfekt redigerte situasjonar på sosiale media og tru at andre sin fasade er slik dei og liva deira eigentleg er. Av og til kunne eg nok ønska meg ein fasade som var ein tanke meir straumlinjeforma, samtidig hender det eg er glad for å våga å tru at ikkje alt treng og skal vera perfekt. Eg har alltid hatt sansen for det litt skeive, skakke, ufullkomne og særprega. Det er ei trøyst å tru at det finst andre menneske og som har det slik.
Haustsemesteret i norsk skule går mot ein ende, og me lærarar har ei rar evne til å programmera oss etter forholda, sikta oss inn på målstreken og klara å ta ut den siste rest av energi etter å ha kasta armen i siste sving for så å snubla seg framover i oppløpet og seila over mål. Nå trur eg dei fleste av oss er klare for å kvila litt.
I første økta i dag skulle elevane ha engelsk grammatikkprøve. Det var heilt stille i klasseromet og dei jobba som heltar. Noko sa meg at det er kanskje dette dei treng nå, litt tran, gulrøter og grovbrød etter all marsipanen. Det høljeregna i dag morges og regnet bøtta ned vannrett på ekte jærsk maner. Det passa å nynna på ei strofe frå den jærske julevisa mi: «Og husa står i rennedrev og reggen, og lyser medan jula ringest inn». Slik er det i vårt hjørne av verda. Dette er det og litt befriande å innsjå og kvila i og ikkje rekna oss som avvikarar frå offisiell norsk julestandard som me kjenner godt frå julekorta som stjerneklare dagar med to meter snø, tre som står horisontalt og ikkje på skrå, med eit bugnande julenek med tilhøyrande livsglade dompapar.
På skapande skriving pleier eg alltid å skriva i lag med elevane, løysa oppgåvane på min måte og leggja dei fram til evaluering og opplesing i lag med elevane sine tekstar. I dag tok eg meg i å sovna to gonger medan eg skreiv ei novelle om ei gammal dame som sat stivpynta på aldersheimen på julafta og venta på besøk. Eg vakna sekundet etter og såg at blyanten hadde sklidd ut av skrivne ord og laga tanketome nedoverstriper på papiret…
Eg opplevde det same på omtrent denne tida for nokså mange år sidan då eg etter ein lang dag på jobb med juleforestillingar… Eg skulle sjå julekalenderen frå barne TV saman med ungane, eg trur kanskje det var Blåfjell det året. Eg hadde teke med meg ein kaffikopp for å halda meg vaken. Plutseleg vakna med eit rykk, full av kaffi, som heldigvis ikkje var glovarm lenger. Eg hadde sovna og slept koppen i fanget.
Eg skreiv ein gong eit dikt om regnversdagar like før jul. Kanskje det kunne passa her i dag?
Vona om ei god jul
I regntunge adventsdagar
med forventningar i den fuktige lufta
og fletta julekorger i trea,
går menneska gjennom gatene
med tunge bereposar i hendene,
og vona om ei god jul
i tankane og kroppane
vemodsvakkert modige
i skjæret frå kulørte lykter.
Alt godt til alle flotte, skakke og ufullkomne menneske som les dette og eventuelt måtte kjenna på at dei er litt for trøytte, og ikkje heeeeilt i rute før jula som snart skal koma.
Heidi