Luke 21- 2024

Årets mørkaste dag har mellom anna blitt brukt på «kampen om delfiafettet»… Eg hadde nokre ærend på Bryne, mellom anna å kjøpa risnøter og delfiafett for å laga dei obligatoriske risbollane som små og store synest må til for at det skal bli skikkeleg jul.
Tydelegvis var det andre som og hadde tenkt å sikra seg risbollar denne helga, for på den eine butikken etter den andre viste dei seg å vera utselde for delfiafett. Eg møtte Torunn på Obs som kunne fortelja meg at ho hadde kjøpt inn til risbollar på Kiwi Rosseland i går. Då eg kom dit etter å ha sykla i vind og pøsregn mellom fire daglegvarebutikkar, oppdaga eg at dei hadde seld dei siste stykkene med delfiafett der og.
Det forekom meg at eg hadde sett ei oppskrift på risbollar der delfiafettet var bytta ut med smør, den kunne eg kanskje prøva? Det viste seg at dei var utselde for risnøter og. Dei brukte til og med orda «inne i langvarig leveringsstopp».
Eg lærer viss ikkje så fort. Medan alle menneske brukte lilla adventslys, hende det at eg måtte bruka blå fordi det dagen før første sundag i advent ikkje var eit lilla lys igjen på heile Bryne. Eg har opplevd det same med kremfløte dagen før «bollesundag». For nokre år sidan var det Inger som i sin godheit måtte dela matfettet sitt med meg på lille julafta. Ho påstod at ho ikkje hadde bruk for alt…
Ei jul utan risbollar burde vera til å overleva. I staden sette eg i gang å baka ein ny runde biscotti fordi eg har gitt vekk så mange at kakeboksen var nesten tom. Noko må jo svoltne gjestar få fylla julekakemagen sin med når dei ikkje kan bydast på risbollar…
Men så fekk eg telefon frå Leif som hadde dradd ut for å handla varer til diverse julemåltid. Han hadde funne både risnøter og delfiafett på matvarebutikken på Håland, så nå var me berga…
Eg klarer ikkje å la vera å mora meg litt over at me går mann av huse i dagane før jul håp om å kunna dra til heimen ei matvare dei færraste av oss ville drøyma om å kjøpa andre gonger enn i veka før jul. Det var nesten så eg kjende eit strok av den lammende angsten dei av og til har rapportert om frå Austlandet fordi dei er redde for at butikkane skal gå tomme for ribbe før jul… Eit anna år var det eventuell mangel på meierismør som skapte den store panikken… Ein får kanskje konkludera med at me er relativt bortskjemte i dette hjørnet av verda…
Elles har dette vore ein av dei koselege førjulsdagane der folk kjem innom med små julehelsingar og let seg overtale til å stansa ein time og to til ein prat, og ein kopp kaffi, eventuelt litt kald drikke. I dag kom først Gunnar på føremiddagen med ein stor gris av heilt heimelaga marsipan med ei gulrot i munnen. Så kom Torhild i heil – lilla antrekk etter å ha stått julegrytevakt for Frelsesarmeen. Så kom Anne Liss og Helge, som me ikkje hadde snakka med på veldig lenge. Då hadde me akkurat klar eit brett omnsvarme biscotti. Me fekk oss velfortente pauser med kvar og ein av gjestene og kjende at ferielivet var godt og nytbart.
Med dette går eg i seng og utsett jakta på det eg skal ha med til sundagsskulen til i morgon tidleg 😊.
Heidi