Gå til innhald

1.mai igjen…

mai 1, 2025
smacap_Bright

Første mai betyr ein del forskjellige ting for meg. Ein av dei er opninga av maibloggen min. Den har blitt ein tradisjon eg ikkje har lyst til å svikta. Mai er ein månad eg føler spesielt behov for å halda fast med begge hender fordi dagane er så tettpakka og intense, og fordi dei fyk så fort forbi…

Slik ser det ut til å kunna bli i år og, om alt er som det pleier. I dag har eg brukt mesteparten av arbeidarane sin dag til å arbeida. Eg har teke eit skikkeleg krafttak og fått skrive årets evalueringar av elevane mine inn på Visma. Det kjennest godt å vera så langt. Eg fekk forresten nokre timars pause midt på dagen då mor og far kom på besøk for å eta Leif si heimekokte bønne- og potetsuppe med nybakt brød til. Ingrid var og innom ein tur med jentene fordi både me og oldeforeldre hadde så lyst til å møta dei.

Ute er det tidleg vår og heilt grønt. Kirsebærtreet vårt står i full blomstring, og det har stort sett vore varmt og tørt vårver i vekevis. Trump har vore president i meir enn hundre dagar, pave Frans er død og vart begravd for fem dagar sidan, og snart går kardinalane i konklave. Verda er på sin litt skakke måte framleis på sett og vis på hengslene…

Om ein drøy månad kjem det eit nytt barnebarn til verda i Oslo. Ikkje lenge etter det går eg inn i eit nytt rom i livet, eg har nemleg, etter lange diskusjonar med meg sjølv, bestemt meg for å gå av med AFP frå sommaren av. Sidan eg sender gullungane mine ut av sjuande klasse og over i ungdomsskulen, har eg ingen elevar eg føler ansvar for å fylgja opp lenger. Det gir meg ein gyllen sjanse til å stansa før eg blir like hjelpelaust glad i eit nytt kull med ungar…

Eg fortel meg sjølv at eg ikkje sånn direkte skal gå hen og bli pensjonist, eg skal bare bli forfattar og frilansar i staden for lærar. For ei fantastisk ordning me har her i landet som gjer at det er mogleg å ta slike val. Eg har elska jobben min i skulen og aldri grudd meg for å gå på jobb. Det er intenst, krevjande og utfordrande å vera lærar, det er eit yrke der du får brukt kvar einaste millimeter av deg sjølv og alt du måtte ha av kreativitet, kunnskap og tålmod. Eg kjem garantert å sakna elevane mine, men eg synest det er spennande at eg kan få prøvd meg på ein annan form for liv og medan eg framleis har arbeidskapasitet. Eg har ikkje lyst til å fortsetja så lenge på jobb at alle bortsett frå meg sjølv forstår at eg burde ha gitt meg for lengst…

Det å skulle lukka skuledøra fører med seg mange tankar, heldigvis mest glade og takknemlege tankar. Likevel kan eg plutseleg bli slått av kor rart det er at nå gjer eg ting for siste gongen. Eg rekk å få med meg nøyaktig 40 år i skulen. Eg har vore med på nokre læreplanmessige pendelsvingningar fram og tilbake, eg har fått mange gode klemmar og ledd mykje…

Men framleis har eg den siste oppløpssida igjen. Det blir to intense månadar med full rulle, høgt trykk og mykje rydding før målstreken skal passerast. Slå fylgje med meg gjennom denne aller siste vårmånaden min i skulen, så får me sjå kva vegar og dører mot livet som skal opnast for oss.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget