Gå til innhald

Casa caotica

mai 2, 2025

I heimen er eg mellom anna sjølvutnemnd bunadsjef. Det inneber for eksempel å sjå til at barnebunadane passar når nasjonaldagen nærmar seg.

For sånn omtrent 28 år sidan hadde eg arva litt pengar etter at bestemor døydde. Eg kjøpte då inn materiale for å sy grøne Karendrakter til ungane som ein slags arv etter oldemor. Eg fann kjapt ut at det å brodera og montera barnebunadar var i overkant optimistisk tenkt i forhold til tidsbudsjettet, så det ende med at svigermor tok ansvar for jobben og broderte og monterte to jentedrakter. Sjølv hadde eg nok med å brodera ei gutedrakt. Me har altså ei lita og ei litt større Karendrakt som Ingrid og Sunniva hadde då dei var barn. Dei er veldig fine om eg sjølv skal seia det, så det er sløsing av ressursar om me ikkje sørger for at dei passar.

I år rekna eg med at den minste var for lita til eldstejenta, og at eg måtte sy ho inn til minstejenta som blir fem i august. Det innebar at eg måtte sy om den største som var maksimalt utsydd, og i tillegg den minste som og er maksimalt utsydd, med andre ord ein ganske stor jobb…

Det viste seg at Iben kunne ha den minste drakta eitt år til, og då var det synd å ikkje la ho blir brukt eit år til. Problemet var då at Hella hadde vakse ut av den blå festdrakta me kjøpte på obs for to år sidan, og dermed stod utan nasjonaldrakt til 17.mai.

Det var då eg kom til å tenkja på den gamle fine hardangerbunaden som farmor sydde til meg for 60 år sidan. Farmor var flink med handarbeid og sydde til og med ei lik drakt som vart seld på husfliden. Det var både skjorte og forkle med hardangersaum og i tillegg brodert brystduk og belte og perlebrodert lue. Denne hadde eg sjølv gjennom store deler av barndomen, og følte meg veldig fin kvar einaste 17.mai. Ingrid brukte den same bunaden til ho var 6-7 år. Tenk så kjekt at farmor sin gamle sykunst skulle koma til sin rett igjen! Eg vart heilt gira av tanken. I ein plastboks i kjellaren fann eg vest, belte og lue, men kor var resten av bunaden?

Eg leita gjennom dei andre plastkassane i kjellaren, men der var det ingenting å finna. Eg er heilt sikker på at eg har sett skjorta og forkleet i ein gjennomsiktig plastpose. Eg hadde til og med eit slags minne om kor eg såg det, men der låg det ikkje lenger. Kor lenge var det sidan eg såg posen? Nei, det var ikkje lett å hugsa, det kan ha vore ti år sidan, eller kanskje femten…

Det kunne då ikkje vera forsvunne? Kor kunne eg ha lagt det? Einaste moglege grunnen til at det ikkje kan finnast i huset er at det kan ha forsvunne under ei utreinsking som må ha blitt teken teken ein gong eg var langt vekke frå heimen. Eg mistenkjer at det kan ha vore ein eller kanskje to sånne. Eg er nemleg ikkje i stand til å hiva noko som helst, så den beste måten å bli kvitt slikt me ikkje har bruk for er å smugla det ut når eg ikkje kan dukka opp og stansa prosessen… Men ei lita bunadskjorte og eit forkle med hardangersaum brodert av mi gamle farmor… Ingen ved sine fulle fem ville vel ha reinska ut noko slikt? I alle fall ikkje dersom vedkomande forstod kva det var.

Foldeskjørtet som høyrer til fann eg heller ikkje, men eg fann snart ut at skjørt kan ein kjøpa på nettet, dei blir mellom anna brukte til skuleuniformar rundt i verda…

Så starta jakten. Vaklande på ein kjøkkenstol i solid furu undersøkte eg alle høge skap, trådkorger og hyller i heimen. Eg vart litt i den moduset ein gjerne er i rett før jul som Vidar Sandbekk syng så treffande om i ein song. «For nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra…» Til slutt måtte eg bare gi opp, i alle fall for ei stund. Eg hadde nemleg sett av dagen til å jobba med heilt andre ting. Men det fekk eg då og gjort. Tekstane til boka i skapande skriving ligg nå klare, kanskje det blir ein siste omgang korrekturlesing, men det tek mindre enn ein time…

Eg reknar med at nokon, som ikkje kjenner meg heilt lurer på kva slags menneske dette kan vera som ikkje har peiling på kor dei har tinga sine. Slik er det med den saken. Pensjonisten eg er gift med drøymer om kor store ryddeprosjekt me skal i gang med når eg får betre tid… Var turen gjennom kaos uten finnarlykke heilt bortkasta tid? Ikkje heilt… Eg fann mykje anna eg nesten hadde gløymt, eller ikkje visste kor eg hadde. Barneklede eg har teke vare på, ei strikka barnebunad til baby, garnet eg trudde eg var tom for slik at eg hadde måtta strikka siste del av eit prosjekt i ein annan nyanse enn tenkt, ammeputer, babynest, dukar i nervøs fløyel etter ein konfirmasjon, ei svart alpelue, klovneparykkar og ein Rødhettekappe sydd av eit gammalt dynetrekk. Kassane med stoff og knappar etter svigermor… Det vart ei nostalgisk reise gjennom slikt som ein gong var, og kanskje finn eg skjorta og forkleet ein annan dag, eg må bare sova på kor i all verda det kan tenkjast å vera lagt hen.

Etter leiteøkta kom Ingrid og hadde fått ei festdrakt av ei ho kjende. Den passa perfekt til Hella, så nå treng eg eigentleg ikkje hardangerskjorta lenger, i alle fall ikkje dette året. Men sjå på dette beltet, på lua og brystduken.Så utruleg små korssting,og så flotte fargar. Det hadde eg viss aldri heilt lagt merke til før nå. Så utruleg mykje fint travle kvinnehender har fått tid til å laga mellom alt det andre som måtte gjerast!

Dagen vart avslutta med eit hyggeleg besøk hos Laila og Olav som hadde bedd oss på noko varmt til kvelds og overraska med full komlemiddag. På heimturen la me inn ein kjøretur over Jæren i kveldslys, me kjørde frå Kleppe langs vegen frå Bore til Vik. Så utruleg fint det er her i mai. Det er så grønt og vakkert ute at ein nesten får lyst til å gråta. Mai månad er noko for seg sjølv.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget