Nydeleg forsommarsundag

Det har vore ein slik vakker dag som me av og til er heldige å få mange av i mai. Dagen begynte med at me var i kyrkja på familiefokusgudsteneste. Me har slike ein gong i månaden, og der får barna ta stor plass med song, bøner, lystenning, dans, liturgi-lesing, drama, bønevandring og klokkeringing. I dag var barnekoret med, så begge mormorjentene skulle fram og synga. Det vart ei fin stund. Etterpå var det kyrkjekaffi med utvida kakebord, hoppeslott for dei minste og aktivitetar i kjellaren for dei litt større.
Så skulle eg ønska at det fine strandbiletet var frå i dag, men eg må innrømma at det er litt misvisande. Det er frå fredag då eg var på fin tur med Tove. I dag kjendest det nesten litt naturstridig å ikkje koma seg ut på tur, men eg hadde ein del arbeidsoppgåver eg bare måtte få gjort. Slik blir det av og til naturleg nok sidan eg har full jobb fordelt på fire dagar og ein kveld, og me i tillegg har eit forkorta arbeidsår på grunn av lange arbeidsdagar. Sidan eg har teke meg fri og gjort andre kjekke ting både fredag og lørdag så blei det ein del jobbing framfor PC og ipad i dag. Fridomen ligg sjølvsagt i å kunna disponera dagane sine slik når det er det som kjennest rettast.
Noko av det eg gleder meg til med å «skifta yrke» om ikkje så lenge er at eg ikkje kjem til å sjå på klokka på gilde sundagsettermiddagar og tenkja at nå blir det ein lang arbeidskveld for å få gjort det ein må til den nye veka som kjem. Eg veit at det er ein situasjon eg deler med veldig mange, kanskje dei aller fleste som jobbar i skulen. Nå kan eg trøysta meg sjølv og andre med at det eg har gjort i dag i grunnen har vore lystbetont, eg kom meg liksom bare aldri ut i sola.
Den store trøysta er at godveret i følge yr skal halda fram. Så langt ser det rett og slett ut som om det kan bli strålande sol på syttande mai, og slikt kan me lika. Eg gleder meg til vekene som kjem. Dei blir innhaldsrike og fulle av fine ting. Det er noko med våren som alltid vekkjer eit slags uroleg vemod og samtidig ei yr forventningsfull glede i meg. Eg lar desse tankane munna ut i eit nesten-sommar-dikt
frå boka mi «For humlene si skuld» som kom ut for snart fire år sidan. La oss ta vare på det sommaryre i oss og «gjera det igjen».
La oss gjera det igjen
Det var den gongen det var sommar,
den gongen for lenge sidan
då me framleis ikkje ante
kor livet skulle ta oss hen,
og var opne for det meste
fordi sola strauk oss så varmt over ryggtavla
medan me telte dagar og velsigningar
og framleis bada i håp.
Kom la oss gjera det igjen.
Heidi